Som barnehagemynde  har kommunen blant anna ansvar for godkjenning, tilsyn og rettleiing av barnehagar for å sjå til at barnehagane følgjer regelverket. Ansvaret gjelder for både kommunale og private barnehagar. I merknader til barnehageloven § 10, Barnehagemynde sitt  ansvar, står følgjande om rettleiing:
 
Kommunen skal gje rettleiing og sjå til  at barnehagane blir drive i samsvar med gjeldande regelverk.
 
Kommunen skal ved godkjenninga, og gjennom aktiv rettleiing og tilsyn, sjå til  at barnehagane i kommunen blir drivei tråd med de krava som er fastsatt i barnehageloven med tilhøyrande forskrifter
 
Aktiv og god rettleiing er eit viktig verkemiddel for å oppnå gode barnehagar, og effektiv etablering og drift.
 
For Nissedal kommune betyr dette å arbeide aktiv inn mot barnehagane og syte for eit godt samarbeid mellom barnehagemynde og barnehageeigar. Med utgangspunkt i dei opplysningane kommunen får kjennskap til, skal Barnehagemynde rettleie barnehageeigarar og barnehagane til å etterleve regelverket. Gjennom risikoanalyser – og vurderingar skal det bli teke  avgjersle på kor og når det kan være formålstenleg å gå inn med rettleiing. Rettleiing har alltid som mål å sikre god etterleving av regelverk. I dei tilfella barnehagemynde har vald å bruke rettleiing som verkemiddel, og dette ikkje fører til regelverksetterleving, er det naudsynt å nytte tilsyn som verkemiddel. Det er likevel kkje eit vilkår for tilsyn at barnehagemyndigheten først har prøvd rettleiing.
 
Å sjå til  regelverksetterleving inneber både ein aktivitet for å vurdere risiko for brot på barnehagelova med forskrifter, og ein plikt til å bruke verkemidla slik at praksisen til barnehageeigar er i samsvar med regelverket.
 
Plan for myndigheitsoppgåver knyta  til rettleiing og tilsyn (kjem ny hausten 2022)