Rett bak Fjalestadgrenda, på vestsida av Nisser, ligg STORFJELL (806 moh.)

Her kan du laste ned kart.

Frå Fjalestad køyrer ein vegen mot Fyresdal og Grytestøyl. 
Dette er bomveg (40kr). Etter 3-4 km kjem du til eit kryss. Ikkje ta til venstre mot Fyresdal her, men fortsett mot Grytestøyl. 
Etter vel 7km frå Fjalestad er det ein liten parkeringsplass på høgre side. Parker her og gå ned vegen til høgre. Gå over brua og hald fram på blåmerka sti. 
Ikkje følg stien opp til hytta etter brua, men følg dei blå merka. Etter nokre hundre meter på sti gjennom skogen viser ei pil på ein stein at ein skal ta til venstre opp på berga. Herfrå går ein resten av turen på svafjell. Det er merka med små vardar og blåmerker. Ein må følgje litt godt med på merkinga til å begynne med, men ellers er det lett å finne vegen. I starten går det bratt oppover. Etter kvart flater det ut. Varden og kassa står ytterst på kanten. Her går fjellet stupbratt ned til Fjalestad, så ver forsiktig! På ein god time når du toppen. Dette er ein veldig fin tur

Lengde: 1 time +
Merking: God
Anna: Bomveg