Eksempel på slike tiltak kan vere

  • Mindre tiltak på eigedom som alt er bebygd med eit bustad/fritidsbustad:
  1. Eitt enkelt tilbygg inntil 50 kvm BRA/BYA.
  2. Ein enkelt frittliggande bygning som ikkje skal nyttas til å bu i, inntil 70 kvm BRA/BYA (døme garasje, bod).
  3. Bruksendring fra tilleggsdel til hoveddel (eller omvendt) innanfor ei brukseining (døme innreiing av kjellar, bodar).
  4. Oppføring av skilt- og reklmaeinnretning inntil 6.5 kvm montera flatt på vegg eller med høgde inntil 3,5 m og breidde 1,5 m frittståande på terreng.
  • Vanlege driftsbygningar i landbruket (gjeld både oppføring, plassering vesentleg endring, reparasjon, riving av eller bruksendring til driftsbygning inntil 1000 kvm BRA. Gjeld òg tilbygg til slik driftsbygning inntil totalt 1000 kvm BRA.
  • Midlertidige bygningar, konstruksjonar og anlegg som ikkje skal stå lengre enn 2 år.

Søknad

Søknadsskjema for tillatelse til tiltak utan ansvarsrett (blankett 5153) samt alle andre nødvendige vedlegg (sjå liste i søknadsskjemaet) kan du finne på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet. Her finn du òg ein oversikt over byggereglane.

Søknaden blir rekna som fullstendig når følgjande vedlegg er med:

  • Skjema for nabovarsel (blankett 5155 og 5156). Blankett 5154 skal sendast til aktuelle naboar.
  • Situasjonskart i målestokk 1:500 evt. 1:1000 der tiltaket er innteikna.
  • Fagmessig utførte plan-, snitt- og fasadeteikningar i målestokk 1:100 evt. 1:50 (gamal og nye).
  • Dersom tiltaket er avhengig av dispensasjon/uttale/vedtak frå anna myndigheit, bør denne vere avklart på førehand.
  • Skjema for bustadspesifikasjon i matrikkelen (blankett 5176) dersom tiltaket omfattar bustader.

Når tiltaket er ferdig

Merk: Når tiltaket er ferdig, må det sendast inn søknad om ferdigattest, blankett 5167. Skjemaet kan du finne på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet.