Teikn på at noko kan vere gale

Oversikta under viser nokon tegn det er viktig å være merksam på. Lista er ikkje fullstendig, men inneheld døme som bør skjerpe fagleg merksemd.

Teikn ved barnets psykiske tilstand

  • Engsteleg, lettskremt, angst
  • Manglande mimikk
  • Konsentrasjonsproblem
  • Verkar innelukka, depressiv, nedtrykt, apatisk, trist
  • Manglande interesse og nysgjerrighet overfor omgivnadane
  • Klager over fysiske smerter (hode- og/eller magesmerter)
  • Overdrive ansvarleg og tilpasningsdyktig
  • Kjenslemessig ustabil
  • Ekstremt pliktoppfyllande

Fysiske symptom 

  • Uforklarlige blåmerker, sår eller brannsår
  • Kroppsmerke etter avstraffelse, bit, kloremerke eller raude område på huda
  • Ufrivillig lating av vatn og avføring
  • Ikkje adekvat vekst, avvikande utvikling i vekt og høgde utan at det er ein organisk årsak
  • Anspent

Teikn ved samspel med andre barn

  • Blir påverka/tiltrekt av uro frå omgivnadane
  • Antisosial åtferd, aggressiv, destruktiv, impulsstyrt, raserianfall og manglande kontroll av
  • Sinne
  • Plutseleg endring av adferd, som ikkje følger normal utvikling
  • Isolasjon, trekker seg fra fellesskapet eller blir stengt ute av andre
  • Treng mykje vaksenkontakt, men er ukritisk på kva for vaksne det får kontakt med.

Teikn ved samspill med foreldre

  • Konfliktfylt samspel
  • Foreldra er lite merksame og manglar medkjensle
  • Barnet er ekstremt opptatt av foreldra

Teikn hos foreldra

  • Møter ruspåverka i barnehagen
  • Stort fokus på seg sjølv
  • Lar ofte andre hente barnet
  • Unngår kontakt med personalet, er vanskeleg å få tak i, deltek ikkje på arrangement osv.
  • Fysisk eller psykisk sjukdom
  • Arbeidsløyse

Teikn på at barnet blir forsømt

  • Ofte klede som ikkje passar i forhold til årstida og aktiviteten barnet skal utføre
  • Forsømt hygiene -uvaska, skitten, ustelt
  • Forsømt kost, sult, sterk over- eller undervekt

Teikn på seksuelle overgrep

  • Påfallande seksuell adferd, for eksempel i leik
  • Umotivert gråt – angstreaksjonar
  • Søvnvanskar, mareritt
  • Fysiske symptom (for eksempel unaturleg sår, merke eller underlivssmerter)
  • Sjølvdestruktiv åtferd
  • Hjelpeløyse, passivitet, manglande sjølvkjensle
  • Truslar tvingar barnet til å teie og til å isolere seg

Teikn hos 0-2 åringer

  • Anspent, passiv eller tilbaketrekt
  • Vanskeleg for å regulere søvn, mat, merksemd og stimulering
  • Utforskar omverda uten å søke støtte og godtaking av vaksne
  • Klynk i særleg grad
  • Utrøsteleg
  • Gir uttrykk for at det ikkje kjenner seg trygt

                                                                                                 Borgestadklinikken

Vernande faktorar

Det er ikkje slik at alle som veks opp i utsette familiar, har ein vanskeleg oppvekst eller får problem i vaksen alder. Barn som er omgitt av vernande faktorar, kan klare seg bra, sjølv om dei opplever vanskar i tidlege år. Vi handterer utfordringar og vanskar på ulikt vis. Medan nokon bukkar under i utfordrande situasjonar, ser andre ut til å vekse på dei, og kjem styrka ut av situasjonen.

Forsking seier noko om kva for faktorar som er viktig for at barn som lever under forhold som bør vekke bekymring, likevel klarer seg bra. Her er noko av det dei har funne ut er det viktigaste: 

Individuelle vernande  faktorar

  • Medfødd styrke
  • Gode sosiale evner
  • Kognitiv kapasitet
  • Oppleving av meining og samanhang
  • Kreativitet, leik, fritidsinteresser
  • Sjølvstende, meistring og kjensle av eigenverd

Familiemessige vernande faktorar

  • Godt foreldre-barn-samspel i spedbarnsalder
  • Faste struklturar, reglar, ritual og grenser
  • Foreldre som tillater hjelp fra andre
  • Felles verdioppfatningar i heimen
  • Sterke slektsband

Vernande faktorar i nettverket

  • Minst ein person, som verkeleg bryr seg
  • Gode venner/ gruppetilknyting
  • Samfunnsstrukturar som stør barnets meistringsstrategiar
    (Ruud 2009)

Risikofaktorar

Risikofaktorar i familien

Det er fleire forhold i ein familie som kan føre med seg utfordringar. Denne modellen rettar seg særskilt mot barn i familiar der det er psykisk sjukdom, rusmisbruk, vald og overgrep. Felles for desse utfordringane er at dei ofte er knytt til skam, og derfor har blitt halde hemmelege i familiane. 

Det er viktig å understreke at det avgjerande for barna, er korleis dei vaksne utfører  omsorgsoppgåvene sine overfor barnet, og  ikkje kva for diagnosar eller utfordringar den vaksne har.
 
Psykisk sjukdom i familien

Ifølge Folkehelseinstituttet har 23% av barna som veks opp i Noreg ein foreldre med psykiske vanskar, som kan gå utover dagleg fungering. Ulike psykiske vanskar kan påverke barna på ulikt vis. Psykisk sjukdom hos foreldre kan medføre at foreldrene ikkje har overskot og evne til å følge opp barna på ein tilfredsstillande måte. Barn av psykisk sjuke kan oppleve at kvardagen har liten struktur og få grenser, og dei kan oppleve at dei må ta stort ansvar for oppgåver i heimen.
Barn av psykisk sjuke foreldre er ofte blitt omtalt som "dei usynlege barna". Mange opplever framleis at det å ha foreldre som er psykisk sjuke er skamfullt, og vel derfor og ikkje fortelle andre om korleis sjukdommen kan påverke kvardagen deira. Barn som veks opp med foreldre som strever med eiga psykisk helse i ein slik grad at det går utover dagleg fungering, har dobbelt så stor risiko som andre barn for å utvikle tilsvarande helseproblem som foreldra.

Rusmisbruk i familien

Mange barn opplever at barndommen i stor grad er prega av at ein eller begge foreldra har eit rusproblem. Mange barn som bur i familiar med rusmisbruk, får aldri hjelp, fordi rusmisbruket holdas skjult i familien. Rusmisbruk er for mange eit tabu knytt saman med skuld og skam, og det er ikkje uvanleg at barna hjelper til med at andre ikkje får innsyn i problema i familien. Barn som veks opp med foreldre som misbrukar alkohol eller andre rusmiddel, vert ofte opptatt av å passe på dei vaksne og overkompenserer for foreldra sine manglar. Barn som veks opp med foreldre som har utfordringar i forhold til rus er i ei høgrisikogruppe når det gjeld utvikling av psykiske og sosiale problem. Det kan vere svært viktig for desse barna at nokon oppdager problema, ser korleis dei har det og følgjer dei opp på ein god måte.  (Ruud 2011) 

Vald og overgrep

Det er ein grunnleggande menneskerett å leve eit liv utan vald eller frykt for vald. Vald i nære relasjonar er inga privatsak, men eit samfunnsansvar. Ikkje all vald er synleg. Det kan vere like alvorleg for barn å vere vitne til vald i familien som å bli direkte utsett for vald sjølv. Å oppleve vald som barn er svært skadeleg, og familievald kan føre til varige skader hos barn. (Kripos 2016)

Foreldra er barnas viktigaste omsorgspersonar. Når vald eller overgrep blir utført av dei som skal vere trygge og beskyttande, er det ekstra skadeleg for barn. Når eit barn lever med vedvarande fare, kan det bli rastløyst, hyperaktivt og sint, eller apatisk og passivt. Dersom barn har høg negativ emosjonell aktivering, kan dette skade utviklinga av innlæring. Slike funksjonstap vil ha negativ innverknad på barnet sine sosiale evner og eiga åtferdsregulering.  Vi har alle ei plikt til å handle når det er grunn til å tru at eit barn eller ein ungdom er utsett for vald eller overgrep. Vi må våge å stille vanskelege spøsmål og lytte til historiane som kjem fram. 

Kva gjer vi med observasjonane våre?

Akutt situasjon
 
  • Vurder om situasjonen er akutt.
  • Dersom eit barn viser teikn på at det blir utsett for vald eller overgrep, skal politi eller barnevern kontaktast med ein gong. 
 
Politi 02800 
Barneverntenesta 35 05 54 00 eller 116 111 (etter kontortid)
 
 
Ikkje akutt situasjon
 
1. Konkretiser
 
Skriv ned observasjonane dine så objektivt som mogleg
  • Kva har du sett?
  • Kva har barnet sagt eller gjort?
  • Kva har foreldre sagt eller gjort?
  • Kva er det i samspelet mellom barn og fereldre som du reagerer på?
  • Har du ein dårleg magekjensle?
  • Har du sett eller høyrt noko om barnet i andre samanhengar som aukar uro di?
  • Kor lenge har du reagert på dette?
 
2. Drøft observasjonane dine med ein kollega eller leiar. 
 
3. Vurder bekymringa
 
Dersom det er grunnlag for bekymring, gå til Kva gjer vi når vi er bekymra for eit barn.
Dersom ikkje, sjå tida an, ver litt ekstra merksam ovanfor barnet eller be ein kollega om å observere. Sett ein ny tidsfrist for å drøfte situasjonen på nytt, f.eks etter to veker. 

Kva gjer vi når vi er bekymra for eit barn?

a. Vi handterer dette aleine
 
Samtale  med barnet i løpet av kort tid
Samtale med føresette i løpet av kort tid
Dokumenter oppfølging
Evaluer oppfølging
 
b. Vi treng hjelp til å vurdere
 
Det er fleire instansar som arbeider med barn, foreldre og familiar i kommunen. Kven det vil vere mest teneleg å samarbeide med vil variere frå sak til sak. Aktuelle instansar kan vere:
  • Barnehage
  • Skule
  • Helsesøster
  • Psykisk helseteneste
  • Barnevern
  • Familievernkontor
  • Fastlege
  • PPT
  • Informer foreldrene om samarbeidande instansar. 
  • Be om samtykke frå foreldra til å diskutere saka med andre instansar. Samarbeidande personell som fastlege, skulehelseteneste, barne- og ungdomspsykiatri   kan informeras utan samtykke når det er nødvendig for å ivareta barnas behov, med mindre pasienten motset seg det (Helsepersonelloven§25, tredje ledd)
  • Ta kontakt med samarbeidande instans
  • Avklar roller og ansvar
  • Vurder ulike hjelpetiltak
  • Vurder bruk av individuell plan
  • Dokument 
 
c. Meld til barnevern eller politi
 
 
Offentleg tilsette har lovfesta plikt til å gi opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller når det ligg føre andreformer for alvorleg omsorgssvikt. 
 
Opplysningsplikta går før lovbestemt teieplikt. Det inneber at teieplikta blir sett til side der vilkåra for opplysningsplikt er oppfylt. 
Opplysningsplikta er eit sjølvstendig og individuelt ansvar som er pålagt alle tilsette. 
Når vilkåra for opplysningsplikt er oppfylt, skal ein sende bekymringsmeldinga med ein gong. I arbeidstida treff vi 
Barneverntenesta på tlf. 35 05 54 00, etter arbeidstid  116 111. Politi 02800.
 
Bekymring kan ein melde munnleg eller skriftleg. Meldeskjema til barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark finn du her.
 
Informer foreldre. Som eit generelt utgangspunkt bør den som sender ei melding til barnevernstenesta, informere foreldra om meldinga. I visse tilfelle kan det å informere foreldra kan føre til at livet eller helsa til nokon kan kome i fare. 

Samtaler med barn

Kommunikasjon som opnar

Ein innbydande form opner for at barnet kan fortelje med eigne ord.
Å gjenta det barnet seier viser at ein er interessert i kva det fortel, og det vil få barnet til å fortelje meir.
I tillegg til å gjenta er det fint å bekrefte det barnet seier ved små nikk og bekreftande ord, som ”akkurat ja, så slik var det”, ”mm”, osv.
Det er viktig å bruke barnets ord for å unngå misforståingar.
Oppsummeringar undervegs hjelper barnet, særleg dei minste, til å halde tråden i samtalen, og er også viktige for å sikre at ein har oppfatta det barnet seier på rett måte.
Å lytte meir enn ein snakkar hjelper ein til å vere på line med barnet i samtalen, og hjelper ein til å vere til stades ”her og no”.
Ved å stille mange spørsmål utan å lytte blir ein fort i utakt med barnet, som då lett vil kome til å gi ja/nei svar. Dialogen vert svekka og samtalen får meir preg    av avhøyr.

Kommunikasjon som stenger

Ikkje bruk kvifor-spørsmål. Det kan forsterke skuldkjensle. Det inviterer barnet til å leite etter ei årsaksforklaring på kvifor det ikkje gjorde motstand eller sa nei.
Ved å stille spørsmål som fører til ja/nei svar får ein lite valid informasjon frå barnet. Det fører ein også fort inn i ”avhøyrsforma”. Det er dialog og fri forteljing      som gir best samtaler.
Unngå vide og generelle spørsmål. Barn kan lettare fortelje når ein spør ”Kva gjorde de i gymtimen i dag?”, enn når ein spør ”Korleis var det på skulen i dag?”
Dersom barnet fortel, må ein vere medviten på ikkje å overføre eigne kjensler over på barnet, for eksempel ”Stakkar deg, det må ha vært forferdeleg!”. 
Ein kan i staden spørre barnet ”Korleis var det å vere deg då?” Då kan barnet sjølv setje ord på sine kjensler og tankar.
Å overhøyre det barn seier er med på å ugyldiggjere barnet si oppleving. Barn vil forstå at dette er noko ein ikkje snakkar om, og på den måten blir våre tabuar   overførte til barnet.
Dersom ein lurer på om det barnet seier er sant, bør ein likevel unngå spørsmål som ”Er du sikker på at det var slik det var?” Då vil barnet kanskje kjenne seg   mistrudd, tenke at ein ikkje tåler å høyre det dei har opplevd, eller sjølv begynne å tvile på om det faktisk var slik det var.
Ein kan ta som utgangspunkt at det barn fortel, speglar deira oppleving. 

Korleis samtale med barn om vanskelege ting RVTS 2016

Oppfølging av barnet

Dersom vi har bekymring for eit barn vil samtale med foreldra i dei aller fleste tilfelle vere naudsynt. Dette gjeld både for å identifisere problemet til barnet og for å planlegge og sette igang med aktuelle tiltak.

Førebuing

Kven skal delta?

  • Vurder kven det er relevant å ha med i sjølve samtala; ein av foreldra, begge foreldra  eller eventuelt andre ressurspersonar rundt barnet.
  • I samtalar som handler om alvorleg bekymring bør det alltid vere to tilsette til stades. 

Innhald

  • Førebu dykk på innhaldet. Kva er målet med samtala?
  • Gjennomgå dei konkrete bekymringane
  • Formuler bekymringane på ein presis og respektfull måte
  • Avklar roller i møtet på førehand.


Samtalen

Velkomen

  • Ønsk foreldra velkomne og anerkjenn dei for frammøte.
  • Gjennomgå rammene for møtet(dagsorden og tidsplan).
  • Orienter om at det vert skrive notat frå samtalen, og at foreldra får kopi av denne.

Presenter og drøft bekymringa

  • Beskriv bekymringa; konkrete observasjonar og kor lenge det har vart. 
  • Spør foreldra om dei kjenner igjen observasjonane dere har gjort. Gje rom for foreldra sine synspunkt og opplevingar. 
  • Spør foreldra om kva som er deira bekymring?
  • Gje rom for tenkjepausar.
  • Dersom foreldra blir sinte og kjem i forsvar- behald roen og gje dei tid til å gje uttrykk for frustrasjon. Når det passar, vend tilbake til tema i samtalen.
  • Ver open for at bekymringa rundt barnet kan ha samanheng med eventuelle vanskar i familien.
  • Undersøk om andre hjelpeinstansar er inne.
  • Presenter andre tenester og drøft om det er aktuelt å involvere andre hjelpeinstansar. Dersom det er aktuelt be om samtykke til å ta kontakt med andre instansar.

Avslutning

  • Spør foreldra korleis dei opplevde samtala. På den måten kan de få eit bilde av korleis foreldra har forstått bekymringa og bodskapen i samtalen.
  • Summer opp.
  • Avtal kva endringar de ynskjer skal skje og kven som gjer kva. Presiser kva de må gjere dersom ikkje dei ønska endringane skjer .
  • Avtal korleis barnet skal orienterast om samtalen.
  • Avtal eventuelt eit oppfølgingsmøte.

Etterarbeid og refleksjon

  • Skriv referat
  • Fekk vi formidla det vi ville?
  • Fekk vi etablert eit godt samarbeid?
  • Er vi meir eller mindre bekymra?
  • Har vi laga ein plan som sikrar god oppfølging? 

Korleis samarbeider vi?

I utsette familiar er det ofte fleire hjelpeinstansar inne. Samarbeid på tvers av einingar vil i mange tilfelle vere viktig for å følgje opp barna på ein god måte.

Kva for einingar som kan bidra, og på kva måte, må vurderas frå tilfelle til tilfelle. Det er viktig at vi som er tilsett i kommunen har kjennskap til dei ulike tenestene, og kva for tenestetilbod som kan ytas. Å etablere ansvarsgrupper vil i mange tilfelle vere eit viktig bidrag for at familiane skal få systematisk og langvarig oppfølging. Tilsette i ulike einingar kan i samarbeid med familiane ta initiativ til å sette saman ansvarsgrupper.

  • Be om samtykke til samarbeid
  • Legg ein plan for oppfølginga 
  • Ta initiativ til å sette ned ei ansvarsgruppe
  • Vurder bruk av individuell plan
  • Avklar roller og ansvar
  • Avklar kven som skal vere koordinator
  • Vurder ulike hjelpetiltak
  • Dokumenter oppfølginga
  • Evaluer oppfølginga minst to gonger i året

Kva er ansvaret til koordinatoren 

Familiar kan oppleve det å ha kontakt med mange aktørar samtidig som belastande. Å ha ein fast kontaktperson som følgjer barnet og omsorgspersonane i familiar over lang tid vil i dei fleste tilfelle vere positivt. Hovudoppgåvene til koordinatoren er:

  • Å halde kontakt med familien, samt sikre brukarmedverknad
  • Å vere kontaktperson for dei andre aktørane i nettverket
  • Å sikre samanheng og oversikt over eksisterande tiltak i familien
  • Å kalle inn til samarbeidsmøte
  • Å sørgje for at oppfølginga blir evaluert undervegs! 
  • Å sikre at ein annan koordinator tek over dersom du trekkjer deg ut

Evaluering

Å evaluere jamnleg er viktig for å sikre ei god oppføging av barn vi er urolege for. Legg vekt på barnet og foreldra si oppleving. Der fleire instansar er inne bør evalueringa gjeras i samarbeid.

Evalueringa bør gje svar på:

  • Korleis går det med barnet?
  • Har dei tilhøve som i utgangspunktet gav grunn til bekymring endra seg? 
  • Har det skjedd endringar i barnet eller familien sin situasjon?
  • Er dei rette personar og tenester blitt involvert rundt barnet og familien, og kven andre kunne vore involvert?
  • Korleis har samarbeidet vårt med familien vore?
  • Korleis har samarbeidet med andre tenester vore?
  • Kva går bra? Kva bør endrast?

Hugseliste:

  • Har eg skrive ned bekymringa konkret nok?
  • Har eg sjekka bekymrings signala opp mot risiko- og vernande faktorar?
  • Har eg snakka med foreldra og barnet?
  • Har eg drøfta med ein kollega eller leiaren min?
  • Har eg drøfta bekymringa med andre fagpersonar?
  • Har vi laga ein plan for oppfølging?
  • Har vi evaluert det vi har gjort undervegs?
  • Har vi ein plan for kven som skal følgje opp familien vidare?

Dersom tiltaket eller samarbeidet blir opplevd som mangelfullt, er det den enkelte sitt ansvar å bringe informasjon om dette til rette, involverte instansar. 
Ein må da gjere nye vurderingar og legge ein ny plan for oppfølging.