Teikn på at noko kan vere gale

Oversikta under viser nokon tegn det er viktig å være merksam på. Lista er ikkje fullstendig, men inneheld døme som bør skjerpe fagleg merksemd.

Teikn ved barnets psykiske tilstand

  • Engsteleg, lettskremt, angst
  • Manglande mimikk
  • Konsentrasjonsproblem
  • Verkar innelukka, depressiv, nedtrykt, apatisk, trist
  • Manglande interesse og nysgjerrighet overfor omgivnadane
  • Klager over fysiske smerter (hode- og/eller magesmerter)
  • Overdrive ansvarleg og tilpasningsdyktig
  • Kjenslemessig ustabil
  • Ekstremt pliktoppfyllande

Fysiske symptom 

  • Uforklarlige blåmerker, sår eller brannsår
  • Kroppsmerke etter avstraffelse, bit, kloremerke eller raude område på huda
  • Ufrivillig lating av vatn og avføring
  • Ikkje adekvat vekst, avvikande utvikling i vekt og høgde utan at det er ein organisk årsak
  • Anspent

Teikn ved samspel med andre barn

  • Blir påverka/tiltrekt av uro frå omgivnadane
  • Antisosial åtferd, aggressiv, destruktiv, impulsstyrt, raserianfall og manglande kontroll av
  • Sinne
  • Plutseleg endring av adferd, som ikkje følger normal utvikling
  • Isolasjon, trekker seg fra fellesskapet eller blir stengt ute av andre
  • Treng mykje vaksenkontakt, men er ukritisk på kva for vaksne det får kontakt med.

Teikn ved samspill med foreldre

  • Konfliktfylt samspel
  • Foreldra er lite merksame og manglar medkjensle
  • Barnet er ekstremt opptatt av foreldra

Teikn hos foreldra

  • Møter ruspåverka i barnehagen
  • Stort fokus på seg sjølv
  • Lar ofte andre hente barnet
  • Unngår kontakt med personalet, er vanskeleg å få tak i, deltek ikkje på arrangement osv.
  • Fysisk eller psykisk sjukdom
  • Arbeidsløyse

Teikn på at barnet blir forsømt

  • Ofte klede som ikkje passar i forhold til årstida og aktiviteten barnet skal utføre
  • Forsømt hygiene -uvaska, skitten, ustelt
  • Forsømt kost, sult, sterk over- eller undervekt

Teikn på seksuelle overgrep

  • Påfallande seksuell adferd, for eksempel i leik
  • Umotivert gråt – angstreaksjonar
  • Søvnvanskar, mareritt
  • Fysiske symptom (for eksempel unaturleg sår, merke eller underlivssmerter)
  • Sjølvdestruktiv åtferd
  • Hjelpeløyse, passivitet, manglande sjølvkjensle
  • Truslar tvingar barnet til å teie og til å isolere seg

Teikn hos 0-2 åringer

  • Anspent, passiv eller tilbaketrekt
  • Vanskeleg for å regulere søvn, mat, merksemd og stimulering
  • Utforskar omverda uten å søke støtte og godtaking av vaksne
  • Klynk i særleg grad
  • Utrøsteleg
  • Gir uttrykk for at det ikkje kjenner seg trygt

                                                                                                 Borgestadklinikken

Vernande faktorar

Det er ikkje slik at alle som veks opp i utsette familiar, har ein vanskeleg oppvekst eller får problem i vaksen alder. Barn som er omgitt av vernande faktorar, kan klare seg bra, sjølv om dei opplever vanskar i tidlege år. Vi handterer utfordringar og vanskar på ulikt vis. Medan nokon bukkar under i utfordrande situasjonar, ser andre ut til å vekse på dei, og kjem styrka ut av situasjonen.

Forsking seier noko om kva for faktorar som er viktig for at barn som lever under forhold som bør vekke bekymring, likevel klarer seg bra. Her er noko av det dei har funne ut er det viktigaste: 

Individuelle vernande  faktorar

  • Medfødd styrke
  • Gode sosiale evner
  • Kognitiv kapasitet
  • Oppleving av meining og samanhang
  • Kreativitet, leik, fritidsinteresser
  • Sjølvstende, meistring og kjensle av eigenverd

Familiemessige vernande faktorar

  • Godt foreldre-barn-samspel i spedbarnsalder
  • Faste struklturar, reglar, ritual og grenser
  • Foreldre som tillater hjelp fra andre
  • Felles verdioppfatningar i heimen
  • Sterke slektsband

Vernande faktorar i nettverket

  • Minst ein person, som verkeleg bryr seg
  • Gode venner/ gruppetilknyting
  • Samfunnsstrukturar som stør barnets meistringsstrategiar
    (Ruud 2009)

Risikofaktorar

Risikofaktorar i familien

Det er fleire forhold i ein familie som kan føre med seg utfordringar. Denne modellen rettar seg særskilt mot barn i familiar der det er psykisk sjukdom, rusmisbruk, vald og overgrep. Felles for desse utfordringane er at dei ofte er knytt til skam, og derfor har blitt halde hemmelege i familiane. 

Det er viktig å understreke at det avgjerande for barna, er korleis dei vaksne utfører  omsorgsoppgåvene sine overfor barnet, og  ikkje kva for diagnosar eller utfordringar den vaksne har.
 
Psykisk sjukdom i familien

Ifølge Folkehelseinstituttet har 23% av barna som veks opp i Noreg ein foreldre med psykiske vanskar, som kan gå utover dagleg fungering. Ulike psykiske vanskar kan påverke barna på ulikt vis. Psykisk sjukdom hos foreldre kan medføre at foreldrene ikkje har overskot og evne til å følge opp barna på ein tilfredsstillande måte. Barn av psykisk sjuke kan oppleve at kvardagen har liten struktur og få grenser, og dei kan oppleve at dei må ta stort ansvar for oppgåver i heimen.
Barn av psykisk sjuke foreldre er ofte blitt omtalt som "dei usynlege barna". Mange opplever framleis at det å ha foreldre som er psykisk sjuke er skamfullt, og vel derfor og ikkje fortelle andre om korleis sjukdommen kan påverke kvardagen deira. Barn som veks opp med foreldre som strever med eiga psykisk helse i ein slik grad at det går utover dagleg fungering, har dobbelt så stor risiko som andre barn for å utvikle tilsvarande helseproblem som foreldra.

Rusmisbruk i familien

Mange barn opplever at barndommen i stor grad er prega av at ein eller begge foreldra har eit rusproblem. Mange barn som bur i familiar med rusmisbruk, får aldri hjelp, fordi rusmisbruket holdas skjult i familien. Rusmisbruk er for mange eit tabu knytt saman med skuld og skam, og det er ikkje uvanleg at barna hjelper til med at andre ikkje får innsyn i problema i familien. Barn som veks opp med foreldre som misbrukar alkohol eller andre rusmiddel, vert ofte opptatt av å passe på dei vaksne og overkompenserer for foreldra sine manglar. Barn som veks opp med foreldre som har utfordringar i forhold til rus er i ei høgrisikogruppe når det gjeld utvikling av psykiske og sosiale problem. Det kan vere svært viktig for desse barna at nokon oppdager problema, ser korleis dei har det og følgjer dei opp på ein god måte.  (Ruud 2011) 

Vald og overgrep

Det er ein grunnleggande menneskerett å leve eit liv utan vald eller frykt for vald. Vald i nære relasjonar er inga privatsak, men eit samfunnsansvar. Ikkje all vald er synleg. Det kan vere like alvorleg for barn å vere vitne til vald i familien som å bli direkte utsett for vald sjølv. Å oppleve vald som barn er svært skadeleg, og familievald kan føre til varige skader hos barn. (Kripos 2016)

Foreldra er barnas viktigaste omsorgspersonar. Når vald eller overgrep blir utført av dei som skal vere trygge og beskyttande, er det ekstra skadeleg for barn. Når eit barn lever med vedvarande fare, kan det bli rastløyst, hyperaktivt og sint, eller apatisk og passivt. Dersom barn har høg negativ emosjonell aktivering, kan dette skade utviklinga av innlæring. Slike funksjonstap vil ha negativ innverknad på barnet sine sosiale evner og eiga åtferdsregulering.  Vi har alle ei plikt til å handle når det er grunn til å tru at eit barn eller ein ungdom er utsett for vald eller overgrep. Vi må våge å stille vanskelege spøsmål og lytte til historiane som kjem fram. 

Bekymra for eit barn eller ein ungdom?

a. Vi handterer dette aleine

  • ​Samtale  med barnet i løpet av kort tid
  • Samtale med føresette i løpet av kort tid
  • Dokumenter oppfølging
  • Evaluer oppfølging

b. Vi treng hjelp til å vurdere

Det er fleire instansar som arbeider med barn, foreldre og familiar i kommunen. Kven det vil vere mest teneleg å samarbeide med vil variere frå sak til sak. Aktuelle instansar kan vere:

  • Barnehage
  • Skule
  • Helsesøster
  • Psykisk helseteneste
  • Barnevern
  • Familievernkontor
  • Fastlege
  • PPT
  • Informer foreldrene om samarbeidande instansar.
  • Be om samtykke frå foreldra til å diskutere saka med andre instansar. Samarbeidande personell som fastlege, skulehelseteneste, barne- og ungdomspsykiatri       kan informeras utan samtykke når det er nødvendig for å ivareta barnas behov, med mindre pasienten motset seg det (Helsepersonelloven§25, tredje ledd)
  • Ta kontakt med samarbeidande instans
  • Avklar roller og ansvar
  • Vurder ulike hjelpetiltak
  • Vurder bruk av individuell plan
  • Dokument

c. Meld til barnevern eller politi

Offentleg tilsette har lovfesta plikt til å gi opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller når det ligg føre andreformer for alvorleg omsorgssvikt. 

Opplysningsplikta går før lovbestemt teieplikt. Det inneber at teieplikta blir sett til side der vilkåra for opplysningsplikt er oppfylt. 

Opplysningsplikta er eit sjølvstendig og individuelt ansvar som er pålagt alle tilsette. 

Når vilkåra for opplysningsplikt er oppfylt, skal ein sende bekymringsmeldinga med ein gong. I arbeidstida treff vi Barneverntenesta på tlf. 35 05 54 00, etter arbeidstid  116 111. Politi 02800.

Bekymring kan ein melde munnleg eller skriftleg. Meldeskjema til barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark finn du her.

Informer foreldre. Som eit generelt utgangspunkt bør den som sender ei melding til barnevernstenesta, informere foreldra om meldinga. I visse tilfelle kan det å informere foreldra kan føre til at livet eller helsa til nokon kan kome i fare. 

Kva tenester har vi i kommunen?

Det er fleire einingar i kommunen som skal arbeide for at barn skal ha trygge og gode liv. 

Dersom du ikkje har det bra sjølv, eller dersom du er bekymra for eit barn, kan du diskutere det med ein av oss.
Vi skal ha god oversikt over kvarandre, og vil sende deg vidare dersom det er behov for det. 

Her er linkar til dei ulike tenestene: