Allambergknatten ligg nord for Langfjell

Frå Treungen køyrer du i retning Fjone i 7 km til du kjem til Naurak. 
Ta til venstre ved Naurak-tunet og parker ved Svivkollen hyttefelt. Følg grusveg og seinare sti opp Tårånsbudalen. 
Ta til venstre opp svåene og følg bekken vidare. Når du kjem på toppen tek du til venstre ut på platået, austover mot Nisser. 
Ved varden har Treungen IL satt ut kasse med bok. Ver merksam på at Allambergknatten er plassert feil på enkelte kart. 
Bruker ein appen til UT.no er toppen merka med Ånundsbufjellet. Følgjer du denne turskildringa og turkartet til Friluftsrådet sør finn du kassa. 
Turen er delvis merka med merkestein, og her er veldig fint å gå. Ein må rekne drøye tre timar på turen.

Lengde: 3-4 timar
Merking: Delvis merka