Kort om barnehagen
Me er ein barnehage med ei avdeling, men vi delar ofte gruppa i to for å imøtekomme behov og utvikling.
Oppvekstsenteret har fått ei flott "ansiktsløfting", så nå har både skule og barnehage gode og høvlege areal både ute og inne. Me er så fornøgde.
Me har gode arenaer for samarbeid barnehage-skule. Allereie frå august startar vi samarbeid med tanke på førskulebarna som skal på skulen neste år. Dette for å gjere overgangen frå barnehage så mjuk som mogleg. Og for å bevare og utvikle venskapsband.
Me nyttar felles uteareal med skulen, slik som skaterampa, aktivitetsparken, ballbingen og fotballbanen.
Råd og utval
Alle foreldra i barnehagen utgjer foreldrerådet. Alle foreldra kan medverke til blant anna årsplanar og anna innhald i barnehagen.
Det veljast to representantar til samarbeidutvalet for Kyrkjebygda oppvekstsenter.
Foreldrerepresentantar for Kyrkjebygda barnehage |
---|
Julia Thorgrimsen Volline |
Elin Tjønn |
Hovudmål
Det gode liv i leiken. Kvifor denne formuleringa? Eininga for oppvekst og kultur, som vi er ein del av, har utarbeida ein plan som gjeld oppvekstmiljøet til barn frå 0-16 år. Og kalla den planen "Det gode liv". Vi ynskja å nytte same «sjargongen» og då blei hovudmålet: Det gode liv i leiken. Den gode leiken gjev fellesskap og livsglede. Dette er eit felles hovudmål for alle barnehagane i kommunen.
Rammeplanen seier blant anna dette om leiken: « Å bidra til at barn som går i barnehagen, får ein god barndom som er prega av trivsel, vennskap og leik, er fundamentalt»
Vi har velt 3 delmål vi ønskjer å arbeide spesielt med i år:
1. Barna klarer å skape og halde på gode relasjonar.
2. Barna får erfaring om andre land som er representert i barnehagen vår.
3. Barna deltar i leik