Som lokal barnehagemynde har kommunen ansvar for tilsyn og rettleiing av barnehagane i kommunen, for å sjå til at barnehagane følgjer regelverket. Ansvaret gjeld for både kommunale og private barnehagar. Dette inneber at kommunen også fører tilsyn med barnehagar som den sjølv driv. For å syte for rettstryggleiken til alle barnehageeigarar i Nissedal  kommune og sikre legitimiteten av tilsyns- og rettleiingsarbeidet, er eigarrolla til kommunen i barnehagesektoren åtskilt frå myndigheitsrollen. Einingsleiar for oppvekst og kultur er barnehageeigar og rolla som barnehagemynde ligg i stillinga til pedagogisk konsulent. Tilsyn kan førast gjennom skriftlig dokumentasjon frå barnehagane og gjennom tilsynsbesøk. Det er ikkje lovpålagt kor ofte og korleis tilsyn skal gjerast.
 
Barnehagemynde sitt  ansvar avgrensar seg til å føre tilsyn etter Lov om barnehagar med forskrifter. Dersom det blir oppdaga brot på andre lovar og forskrifter skal dette bli meldt til gjeldande instans. Barnehagelova set skilje mellom ansvar og oppgåver til barnehageeigar, og ansvar og oppgåver kommunen har som barnehagemynde. Eigar har et sjølvstendig  ansvar for at barnehagelova med forskrifter blir oppfylt, medan det er kommunen som barnehagemynde som har ansvar for å sjå til barnehagane blir drive i samsvar med gjeldande regelverk.
 
Å syte for etterleving av regelverk inneber både ein aktivitet for å vurdere risiko for brot på barnehagelova med forskrifter, og ein pliktar til å bruke verkemidla slik at praksisen til barnehageeigar er i samsvar med regelverket.
 
Nissedal kommune sin  plan for myndigheitsoppgåver tilknytt til rettleiing og tilsyn (vedlegg 1- ikkje ferdig) 
Rettleier/ metodebok om tilsyn i barnehagen Metodehåndbok for tilsyn (udir.no)