Det er kommunen som sit med hovudansvaret for at det blir etablert barnehagar som oppfyller krava i regelverket, og som sikrar barna eit likeverdig pedagogisk tilbod.
Barnehagar skal vere godkjende av kommunen før verksemda blir sett i gong. Godkjenningsordninga skal sikre at det etablerast gode barnehagar. Kommunen skal allereie i etableringsfasen sjå til at barnehagelova sine krav vil bli fylgja og at det blir lagt  opp til ein forsvarleg verksemd, jf.barnehageloven §14, Godkjenning.
 
Viss ein godkjent barnehage gjer endringar av eit visst omfang, må barnehageeigar melde det til kommunen som barnehagemynde, jf.barnehageloven §6, Verksemda sin plikt til å søkje godkjenning. https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/barnehage/godkjenning-og-kontroll-av-private-barnehager/
 
Det er  full barnehagedekning i Nissedal kommune, og det er berre kommunale barnehagar. Kommunen kan godkjenne nye barnehagar, men er ikkje forplikta til å gje driftstilskot.
 
§ 6. Krav om godkjenning - Helsedirektoratet