Kort om barnehagen

Barnehagen ligg på Fjone ca. 20 km frå Treungen sentrum. Barnehagen er nyetablera og opna i august 2019. Barnehagen held til i bygget til det som tidlegare var ein grendeskule. 

Vi har stor boltreplass, og gymsal til disposisjon. Elles nyttar vi den flotte naturen og nærmiljøet rundt barnehagen mykje. 

Nissedal kommune har eit felles hovudmål for barnehagane "Leik for alle", og Fjone barnehage har utarbeida seg delmål:

  • Me vil legge til rette for inspirerande leikemiljø både ute og inne
  • Me vil leggje til rette for eit språkstimulerande miljø for alle  barna i Fjone barnehage
  • Hjelp meg til å bli eit robust barn

Meir om vår pedagogikk finn du i barnehagen sin årsplan. 

Antal plassar

Barnehagen har ei avdeling med inntil 24 barnehageplassar.

Opningstider

Kl. 07.15 – 16.45, måndag – fredag

SFO i barnehagen

Her finn du meir informajon om SFO-tilbodet.

Delmål SFO: «Her kan eg senke skuldrane mine og leike med vennene mine i grenda» 

Sjå meir om SFO i Fjone barnehage i årsplanen på side. 16. 

Råd og utval

Alle foreldre utgjer foreldrerådet i Fjone barnehage, men foredrerådsrepresentanten fungerar som talsperson for foreldrerådet. Foreldrerådsrepresentanten er og med å utgjer samarbeidsutvalet (SU), saman med ein personalrepresentant og styrar som sekeretær. 
 
Foreldrerådsrepresentant: Sondre Heimdal
Personalrepresentant: Sigurd Tveit
Sekretær/ styrar: Natalie Z. Bråthen