Du kan søkje om tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Tilskottet kan du få til:

  • Skogkultur
  • Vegbygging
  • Miljøtiltak i skog
  • Utdrift av skogsvirke med taubane, hest, osb.
  • Andre aktivitetsfremjande tiltak i skogbruket

Føremålet med ordninga er å stimulere til auka verdiskaping i skogbruket, samstundes som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir tatt vare på og vidareutvikla.

Målgruppe:
Skogeigarar

Vilkår:
Du har meir enn 10 daa produktiv skog. Tilskott til utdrift av skogsvirke til energiproduksjon (bioenergi) og til andre aktivitetsfremjande tiltak (sjå ovanfor) kan òg gjevast til

  • Skogeigarar som har mindre enn 10 daa produktiv skog
  • Eigarar som har landbrukseigedommar utan produktiv skog

Lovar og retningsliner:

Søknadsprosessen:
Søknad om tilskott til skogkultur, vegbygging, miljøtiltak i skog eller utdrift av skogsvirke til energiproduksjon (bioenergi) skrivast på skjema utarbeidd av Landbruksdirektoratet. Ved søknad om tilskott til drift med taubane, hest, o.a., ta kontakt med Fylkesmannen for å få meir informasjon. For andre tiltak i skogbruket, ta kontakt med kommunen.

Skjema:
Søknadsskjema ligg her.

  • Vegbygging: LDIR-902, LDIR-903, LDIR-904
  • Skogkultur og kvalitetsutvikling: LDIR-909
  • Skogbruksplanlegging med miljøregistrering: blir søkt hos fylkesmannen
  • Tømmerkaier og terminalar: blir søkt hos Landbruksdirektoratet
  • Skogsdrift med taubane: SLF-916
  • Miljøtiltak: SLF-911
  • Skoggjødsling: blir søkt hos kommunen
  • Andre tiltak: ta kontakt med kommunen
  • Landbruksdirektoratet (forskjellige skjema)

Høve til å klage:
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak gjort av kommunen og Landbruksdirektoratet for vedtak gjort av Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.