Psykisk helseteneste gir hjelp og rettleiing til personar som på grunn av psykiske vanskar eller rusbruk ikkje meistrar kvardagslivet sitt.

Tenesta omfattar mellom anna:

  • Støttesamtaler, rettleiing og oppfølging i forhold til eigen livssituasjon.
  • Koordinering i forhold til dei andre i hjelpeapparatet.
  • Rettleiing og tilrettelegging rundt busituasjonen.
  • Støtte og hjelp i forhold til arbeid og daglege aktivitetar.

For å søkje om psykisk helseteneste:

  • Fyll ut søknadsskjema søknad om kommunale helse- og omsorgstenestar eller
  • Ta kontakt med tenestekontoret på tlf. 35 04 85 60 / mob. 902 10 588.
  • Etter oppmodinga blir det gjort ei vurdering, vanlegvis ei samtale, deretter vert ein einige om eventuelle tiltak.