Lindefjell ligg på Fjone.

Her kan du laste ned kart.

Frå Treungen køyrer du til Fjone og tek til venstre inn på ein grusveg ved Fjone skule (same veg som til Hægefjell). 
Dette er ein privat veg, så husk å betal vegavgift på 40 kr. 
Etter ca. 6 km køyrer ein forbi ei raud hytte. Etter å ha passera hytta skal ein køyre i ca 1 km. Då vil ein sjå ein liten parkeringsplass på høgre side av vegen. 
Følg blåmerka sti frå parkeringa. Ein flott tur for familiar med barn som tar ca. ein god halvtime til toppen. 
Fin utsikt over Nisser og Nissedal. Fantastisk varde på toppen og Hægefjell står i flott skue. 
Lengde: ca. 30- 40 min til toppen
Merking: God
Anna: Bomveg