Alle tilsette som arbeider med barn, foreldre eller familiar i Nissedal kommune, skal kjenne til modellen. Alle einingane skal gå igjennom modellen ein gong i året, i april-juni. Einingsleiarane har ansvar for at alle nye tilsette som arbeider med barn og familiar, får informasjon om korleis vi arbeider med utsette barn i Nissedal kommune. Vi har utarbeida prosedyrer for kva vi skal gjere med våre observasjonar, kva vi skal gjere når vi er bekymra for barn, korleis vi skal følgje opp barn og korleis vi skal samarbeide om oppfølgjing. Alle tilsette skal kjenne til og følgje desse prosedyrane. 

Vi har etablert ei arbeidsgruppe og ei styringsgruppe som har ansvar for å arbeide vidare med modellkommuneprosjektet. I styringsgruppa sit einingsleiarane for skule, barnehage og helse og habilitering. I arbeidsgruppa sit det representantar frå skule, barnehage, helsestasjon og psykisk helse. Gruppene har ansvar for å vidareføre det tverretatlege arbeidet for utsette barn og unge. Kvart år skal vi lage nye satsingsområder og evaluere arbeidet som er gjort på systemnivå.
Styringsgruppa har ansvar for at dei tilsette har tilstrekkeleg kunnskap til å identifisere barna i målgruppa og følgje dei opp på ein god måte.