Husfjell ligg på Fjone

Ta til høgre i krysset ved den gamle butikken på Fjone og køyr forbi Fjone skule. 
Nokre 100 m. etter Fjone skule står det eit Turløypeskilt på venstre side, rett ovanfor garden på bildet. 
Herfrå er det sti opp til Husfjell. Den er merka med blå merker og vegen er lett å finne. Den går bratt oppover i skog og lyng. 
På toppen er det utsikt over dei fine Fjonegardane og Nisser. 
Løypa er merka som ei rundløype. Fortset du på denne kjem du ned på Borstadvegen litt ovanfor Fjone skule. 
Dette er ein fin kveldstur, og på ein god time kjem du deg både opp og ned. 

Lengde: 1 time +
Merking: God