Du er garantert flotte naturopplevingar, samtidig som du får betre fysisk og psykisk helse. Topptur Nissedal er eit bredde og lågterskeltilbod med fokus på folkehelse, og i år finn du kasse med bok på 40 toppar rundt i heile kommunen. Turmåla har ulik grad av merking, frå god til fråverande, og ein anbefaler derfor å kjøpe turkarta Nissedal øst og vest. På facebooksida til Topptur Nissedal og kommunen si heimeside finn du enkel rettleiing på turmål. Desse sidene vil bli oppdatert fortløpande.


KORLEIS REGISTRERE TURMÅL

Du kan registrere deg på fleire måtar:

  • Digitalt via appen Norgeskart - meir info på Telltur.no
  • Skriv deg inn i boka som ligg i postkassene

For å få t-skjorte må du fylle ut skjema som ligg i Toppturbrosjyra.

 KONKURRANSEKRAV OG PREMIERING

  • T-skjorte som deltakarpremie til alle som klarar minst 10 toppar.
  • T-skjorte som deltakarpremie til born f. 2011 eller seinare og vaksne over 70 år som klarar minst 7 toppar
  • Kåring av årets Topptur Nissedal bilde 2022 (bruk #toppturnissedal)
  • Trekking av premiar etter endt topptursesong.

HENTING AV T-SKJORTER

  • Når du har gått 7/10 turar, kan du hente den nye topptur t-skjorta på Treungen Sport og Fritid i Treungen sentrum i opningstid.
  • Kontaktinfo Treungen sport og fritid, Arne Roar Rygh: tlf: 970 71 141

VIS OMSYN OG TA VARE PÅ NATUREN

  • Vis omsyn til dyr på beite og vis respekt for dyr og natur
  • Hugs å lukke grinder og liknande etter deg
  • Ta med søppel heim
  • Husk å bruk hundepose og ta den med deg heim
  • Bruk av eld og bål i skog og mark er forbode i perioden 15. april til 15. september
  • All ferdsel skjer på eige ansvar
  • Lat naturen vere som da du kom (dopapir, fruktrestar og anna som brytas ned i naturen bør gøymas av stein, mose eller liknande)

BANDTVANG

Den generelle bandtvangen er frå 1. april til 20 august. I Nissedal kommune er det utvida bandtvang frå 20. august til 20. oktober. I denne tida skal alle hundar i utgangspunktet haldast i band, Bandtvang er innført på grunn av at dyrelivet er ekstra sårbart i denne tida (hekke- og yngletida). I Nissedal kommune har vi eit rikt dyreliv, og det er viktig at vi tek omsyn til dette når vi ferdast i naturen. Kommunen, saman med grunneigarlaget og skogeigarlaget, ber om at dette vert respektert og vist omsyn til.