Ufshomfjellet ligg på Fjone

 
Ca. 11,5 km frå Treungen sentrum i retning Fjone, etter å ha passert Ovnen og dei gamle helleristningane, kan ein parkere på høgre side av vegen. 
Skilt merka med turløype viser veg på venstre side av vegen. Stien er godt merka med blå merker på stein og tre. I starten går det bratt oppover berga. 
Her er flott utsikt over Nisser og Fjone heilt frå starten og mange fine utsynspunkt undervegs. 
Det er bratt og kanskje ikkje den greiaste turen for små barn. For det meste går turen opp på berg, men også gjennom noko lyng. Stien er grei å fylgje. 
På toppen har ein flott utsikt over Treungen, Nisser og fjella rundt. Turen er merka som ei rundløype, så ein kan gå ned på sørsida av fjellet. Her kjem ein tidleg inn på ei gamal slepe. Denne er fin å gå og går gjennom skogsterreng. Etter kvart kan ein sjå opp på dei stupbratte fjellsidene ned frå Ufshomfjellet. Dette er den same vegen ein går opp når ein skal til Kronfjell. Slepa ender på Fjonevegen ved oppstigninga til Ovnen. Ein kan då fylgje vegen nordover i ca. 1 km. til der bilen blei parkert. Like før ein kjem attende til bilen passerer ein gamle helleristningar på venstre side. Her kan ein blant anna sjå omrisset av den dansande mannen. 
Det anbefalast å gå rundturen i den retninga med start nord for Ovnen. Turen er på ca sju km. Med vanleg gange bruker ein ca. 2 timar tur/ retur. Ein flott tur med nydeleg utsikt!

Lengde: 2 timar tur/ retur
Merking: God
Anna: Bratt