Treningstider
I Fleirbrukshuset er det mange treningsaktivitetar du kan nytte deg av. Aktivitetane blir arrangert av kommunen og lokale idrettslag.
Her finn du treningstidene for hausten 2020
Frisklivstrim
Tysdag 02.02.2021 startar frisklivstrimmen opp att på Fleirbrukshuset, i Tambagarommet.
På grunn av smittevern må du melde deg på til fysioterapeuten, og det blir to grupper med maksimalt 10 personar i kvar gruppe.
- Gruppe 1: kl. 10.30 - 11.30
- Gruppe 2: kl. 13.00 - 14.00
Nissedal kommune følgjer nasjonale råd og retningslinjer ift. smittevern, så hugs god handhygiene og hald minst ein meter avstand. Har du luftvegssymptom må du halde deg heime.
Fokus på treningane vil vere:
- Å auke pulsen
- Styrkeøvingar med strikk
- Styrkeøvingar på matte
- Balanseøvingar
Treninga vil bli tilrettelagt så godt som mogleg.
Ta med gode innesko, drikkeflaske og eigen matte viss du har (kan kjøpast på sporten).
Har du spørsmål, ta kontakt med kommunefysioterapeut Marte Almås på telefon 476 79 241 eller på e-post marte.almas@nissedal.kommune.no.
PÅMELDING startar torsdag 28.01. kl. 10.00 – send sms til fysioterapeut Marte med navn, fødselsdato og gruppeønske. Du får ei bekrefting på at du er påmeldt. Først til mølla!
Kommunale aktivitetstilbod
Fokus på folkehelse og gevinst av fysisk aktivitet
- Onsdag 19.30 – 20.30
- Sundag 19.00 - 20.00
- Fredag 16.15 – 17.15