Kommunale aktivitetstilbod

Fokus på folkehelse og gevinst av fysisk aktivitet

Regelmessig fysisk aktivitet gir dokumenterte positive helseeffektar fysisk, psykisk og sosialt, og reduserer førekomst av sjukdom og dødelegheit generelt.
Helsedirektoratet anbefaler at vaksne og eldre bør vere fysisk aktive i minst 150 minuttar med moderat intensitet eller 75 min med høy intensitet kvar veke, eller ein kombinasjon av moderat og høy intensitet.
 
Nissedal kommune tar dette på alvor og tilbyr difor ulike aktivitetstilbod kvar veke. Treningane er opne for alle som ynskjer å ta vare på eigen kropp og helse.
 
Funksjonell trening i fleirbrukshallen m/ Hild
  • Onsdag 19.30 – 20.30
  • Sundag 19.00 - 20.00
- Ei treningsøkt som alle kan delta på uansett fysisk form og treningserfaring. Økta består av øvingar på eiga matte som utfordrar både kondisjon og styrke.  Det blir lagt vekt på funksjonelle øvingar som aktiverer større delar av kroppen samtidig. 
 
Intervalltrening utandørs m/ Hild
  • Fredag 16.15 – 17.15
- Trening der ein har fokus på å auke pulsen, og varierer mellom høg og låg intensitet. Her vel ein sjølv om ein vil springe, gå, jogge eller gjøre litt av alt. 
 
Garantert treningseffekt og meistringsfølelse!
Treningstilboda er gratis og er for alle frå 8. klasse og oppover. 
Ynskjer du meir info, meld deg inn i Facebookgruppa «Kommunale treningstilbod».
 
Fysisk aktive personar har halvparten så stor risiko for å døy av hjarte-karsykdom som sine stillesittande jamnaldrande. Fysisk aktivitet reduserer også risikoen for å få høgt blodtrykk, aldersdiabetes og tjukktarmskreft. Livskvaliteten blir dessutan betre av fysisk aktivitet på grunn av auka psykisk velvære og betre fysisk helse. Det er dokumentert at fysisk aktive personar har lågare risiko for å bli ramma av beinskjørhet, beinbrot forårsaka av fall, blodpropp, fedme og psykiske plager.
 
Frisklivstrening i Fleirbrukshallen
  • Tysdagar kl. 10.30-11.30
Fokus på bevegelse, styrke - og balansetrening. 
Treninga er open og gratis for alle. 
Ta med drikkeflaske og gode innesko. 
 
Velkommen til både kjente og ukjente fjes! 
 
Helsing frå fysioterapeuten 
Ta bare kontakt ved spørsmål! 
Tlf.: 47679241.