Gjennom tidleg støtte og rådgjeving i samarbeid med foreldre, barnehage og skule ynskjer Helsestasjonen at at alle barn og unge skal ha god helse og trivsel. 
Helsestasjonen har tilsette som har spesialkompetanse innafor førebyggjande helse.

Gjennom helsestasjonsprogram og skulehelseprogram blir barn og unge gjett tilbod om samtale og kontroll med Helsestasjonen. 
Treng du rådgjeving og hjelp utanom, så er det bare å ta kontakt. 

Tenestene til Helsetasjonen er gratis.

Om skulehelsetenesta

Skulehelsetenestea er ein vidareføring av helsestasjonsarbeidet og har som mål å fremja god helse blant barn og unge.
Skulehelsetenesta skal samarbeide med foreldra, skulane og anna hjelpeapparat.

Personell i skulehelsetenesta:

  • Skulelege: Andreas Myklebust       
  • Fysioterapeut: Fanny Stranger    
  • Psyk. helse: Anne Karin Grimstveit   
  • Elin Fjalestad                 
  • Tannpleiar: Ann Kathrin Reiersdal   
  • Jordmor: Bettina Suchow       
  • Helsesjukepleiar: Anita H. Haugsjå       

Oppgåver:

  • Rutineundersøking
  • Oppfylging av elever ved behov
  • Vaksinering
  • Helseopplysning, undervisning, rådgiving og rettleiing individuelt og i grupper
  • Samarbeid med foreldre, skule og andre aktuelle instansar
  • Miljøretta tiltak – fokus på elevane sitt arbeidsmiljø

Helseopplysning
I samarbeid med skulen driv me helseopplysning individuelt og i grupper. Aktuelle tema kan vere kosthald, hygiene, trivsel, pubertet, rus eller andre tema etter ynske.

Teieplikt 
Helsesjukepleiar er pålagt teieplikt (§21 – 29 i Lov om Helsepersonell). Den skal fungere som eit personleg vern rundt den enkelte elev. Helsesjukepleiar utgjer ikkje personopplysningar om elevar utan samtykke frå foresatte.


Program for skuleåret             

  • 1.-10.klasse: Presentasjonsrunde på alle skulane - august
  • 1.-4.klasse: Zippy`s venner - Heile året
  • 1.-10.klasse: Liv og røre - Heile året
  • 1.klasse: Skulestart undersøking - september
  • 1.klasse: Foreldremøte om kosthald - september
  • 2.klasse: Vaksine DTP-IPV m\ helsesamtale          
  • Sept. 3.klasse: Samtale, høgde - og vektmåling - september
  • 4.klasse: Tannhelse (tannpuss og kosthald) - mars
  • 5.klasse: Observasjon på motorikk (fysio.) - september
  • 6.klasse: MMR vaksine m\helsesamtale - oktober
  • 7.klasse: HPV – vaksine  x 2 - september og mars
  • 8.-10.klasse: MOT - Heile året
  • 8.klasse: Samtale, høgde- og vektmåling - oktober.
  • Tannhelse (Syreskade) - mars
  • Foreldremøte m/ tema x 4 - oktober.
  • 9.klasse: Individuelle samtaler m/ lege+helsesøs - oktober
  • Jente-\guttegruppe - september.
  • 10.klasse: Vaksine (DTP-IPV) - september
  • Undervisning - samliv og seksualitet - januar
  • 10.klasse dag. Førebuing til hybelliv - juni
  • 8.-10.klasse: Ungdomsklubb - Heile året
  • 8.-10.klasse: Sterk & Klar                      
  • 4.-10.klasse: Aktive sommardagar - veke 26 og 33

Informasjon
Elevane får skriftleg innkalling til alle helseundersøkingar.