Kva er helseavdelinga sitt ansvar?
Helseavdelinga skal samarbeide med andre instansar i kommunen om å utarbeide ei felles forståing og tverretatleg kompetanse på å identifisere og følgje opp barn i målgruppa.
Leiar i helse og habilitering skal bidra i styringsgruppa til prosjektet.
Tilsette i psykisk helseteneste og helsestasjon skal delta i arbeidsgruppa for modellkommuneprosjektet.
Kva er dei tilsette på helseavdelinga sitt ansvar?
- Alle tilsette i helseavdelinga skal vere på vakt ovanfor forhald som bør vekke bekymring. Det kan vere bekymring for barn, for foreldre eller samspelet dei imellom.
- I møte med personar som har utfordringar i fht psykisk helse, rus og vald skal vi alltid undersøke om vedkommande har barn, kven andre som er ressurspersonar for barna og korleis helseproblema til den vaksne påverkar barna.
- Ved bekymringsfulle observasjonar har alle tilsette ansvar for å:
- Konkretisere observasjonane
- Drøfte observasjonane med kollega eller leiar
- Vurdere om observasjonane gjev grunnlag for bekymring
- Ved bekymring for eit barn skal det vurderas
- Handterer vi dette i eigen eining
- Treng vi hjelp til å vurdere?
- Skal dette meldast til barnevern/ Politi
- Tilsette i helseavdelinga skal i samarbeid med føresette sjå på kva for tiltak dei kan sette inn for å avhjelpe ein vanskeleg situasjon. Tiltaka skal evalueras jevnleg.
- Tilsette skal i møte med barn i utsette familiar vere tilgjengelege, sjå barnet, prate med barnet, bidra til meistring og sosial utfaldelse.
- Tilsette skal i møte med foreldre vere tilgjengelege, ha fokus på barnet og samarbeide med andre instansar der det er føremålsteneleg.
- Alle tilsette i helseavdelinga skal ha kunnskap om samarbeidande instansar. Dei skal be om samtykke og ta kontakt med samarbeidspartar dersom dei meiner at det er hensiktsmessig i forhold til å vurdere bekymring eller følgje opp nokon i familien.
- Tilsette innanfor helse skal delta i ansvarsgrupper og bidra til å utarbeide IP der et er aktuelt.
- Alle tilsette har lovfesta plikt til å gi opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller når det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt. Opplysningsplikta går før lovbestemt teieplikt. Det inneber at teieplikta blir sett til side der vilkåra for opplysningsplikt er oppfylt.
- Tilsette skal i samarbeid med barnet og/ eller familien evaluere alle tiltak som er sett i gang.
- Tilsette skal sørge for at andre tek over oppfølginga dersom ein sjølv trekker seg ut og familien framleis har behov for oppfølging. Dette skal dokumenteras.