Abonnentar som har vassmålar skal lesa av og melda inn målarstand og avlesingsdato ein gong pr. år. Det vert sendt ut melding på SMS eller målaravlesingskort i desember.

Sjekk alltid at vassmålar nr stemmer med det du har fått på SMS eller avlesingskort. Det er viktig at ein les av riktig målar. Avlesing frå venstre mot høgre. Viss du har vassmålar med tal etter komma, skal desse ikkje med. Raude tall skal heller ikkje med.

Dersom ein svarar på SMS skal ein bare skrive målarstand. Det er viktig at ein ikkje skriv mellomrom, punktum eller bokstavar som svar på SMS. Avsendar får då ein kvittering på SMS med forbruk sidan førre avlesing.

Abonnentar som får avlesingskort i posten, kan enten registrera målarstand og avlesingsdato på www.leseav.no eller senda kortet i posten. Ønskjer ein SMS han ein registrere mobilnr sitt ved registrering av målarstand.

Ein kan rapportere vassmålarstanden på tre måter:

  • Via SMS
  • Via nettstaden leseav.no - med tilsendt kode. På avlesingskortet står koden som ein bruker til å registrere målarstanden
  • Via tilsendt avlesingskort, som fylles ut og sendast til Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen

NB! Ikkje alle vassmålarar har desimalar i teljeverket.

Bilderesultat for vassmålar Bilderesultat for vassmålar
Eksempel på målar utan desimalar Eksempel på målar med desimalar