Bygdekinoen kjem på besøk til Fleirbrukshuset annankvar onsdag heile året, med unnatak av sommarferien.  

Det er to framsyningar kvar gong, ein kl. 18.00 og ein kl. 20.00, som regel ein barnefilm og ein vaksenfilm. 

Filmane som blir vist er heilt nye, og nokre gonger er vi så heldige at det kjem premierefilmar.

Kinosalen har plass til inntil 80 personar, med gode stolar og fantastisk lyd.

Bygdekinoen har med seg det siste innan framsyningsutstyr, og kvaliteten på bildet er høg.

Me informerar via Facebook, Kva skjer-kalender og kinoplakatar om framsyningar.

Velkomen til ei hyggeleg kinooppleving!

Aldersgrenser

  • A: Tillatt for alle
  • 6 år: Alle barn saman med vaksne
  • 9 år: Barn ned til 6 år saman med vaksne
  • 12 år: Barn ned til 9 år saman med vaksne
  • 15 år: Barn ned til 12 år saman med vaksne
  • 18 år: Absolutt aldersgrense

Kiosk

Kiosken i Fleirbrukshuset er open når det er kino. 

Me har eit godt utval av drikke og snacks. 

Konsesjon

Du må ha konsesjon frå kommunen og rettane til å vise filmen, og du har berre lov til å vise 35 mm film.