Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Intervju og tilsetting

Dersom du blir kalla inn til intervju er det fint om du tek med deg kopi av vitnemål og attestar. 

Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.

Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.

Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.

Lønsansiennitet blir fastsett ved tilsettingstidspunktet og blir rekna ut etter innleverte kopiar av vitnemål og attestar.
Dato settast til den 1. i månaden med bakgrunn i det antall år og månadar som godskrivast i lønsansienniteten. 
All tidlegare erfaring må dokumenterast. 

Dersom du leverer attestar/vitnemål i ettertid, vil den nye ansienniteten gjelde frå den 1. i månaden etter at me har motteke ny dokumentasjon. 

Ansiennitetsreglane er regulert av Hovedtariffavtala § 12.  

Aktuelt