Nisser er ein av dei største innsjøane i Telemark og er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell.

Den fire mil lange og 250 meter djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn.

Høgaste vasstand: 246,76.

Lågaste vasstand: 243,76 (244,76 i tida 15.06 til 31.08).

Vasstand i Nisser 26.04.24: 246,14


Her kan du sjå Norges vassdrags- og energidirektorat si historiske vasstand på Nisser (gjeld ikkje ferske data, men årlege data frå 1994 til og med siste heile året. NVE har ikkje løyve til å legge ut ferske data, og Agder Energi har ingen løysingar for å vise statistikk til eksterne.)

Her kan du sjå flaum- og jordrasvarsel.