Kronfjell er den nest høgaste toppen i Nissedal og ligg på Fjone

Her kan du laste ned kart.

Kjør i ca. 10,3 km frå du tek av i krysset til Fjone. På venstre side av vegen startar ei traktorslepe, og du kan sjå skiltet med ”Kronfjell”. Ein kan parkere her, men det er viktig at ein ikkje sperrar vegen! Her frå følgjer du slepa bratt oppover i ca. 50 min. På tur opp kan ein sjå opp på det stupbratte Ufsomfjellet. Når du kjem på toppen av slepa kjem du ut på dei flotte Flostadsvåune. Stien forsett nå eit godt stykke nedanfor hytta du ser framfor deg. Sjå etter ei stor furu med eit blått merke på venstre side. Vidare følgjer du dei blå merka oppover snaufjellet, og etter kvart vil det flate ut og du kan gå ryggen innover mot toppen. Turen er godt merka med blått og små vardar heile vegen. Totalt tek turen omkring 4-5 timar tur/retur. 
Ein kan som alternativ to velje å gå turen over Ufsomfjellet. Når ein kjem til kassa på toppen av Ufsomfjellet skal ein følgje merkinga vidare til ein kjem inn på den tidlegare beskrivne traktorslepa.
 

Lengde: 4-5 timar
Merking: God
Anna: Best i fint ver, da tåka kjem fort på Kronfjell

Sjå kartplassering her