For kven:

Barn og unge i alderen 6 år til dei er ferdige med vidaregåande skule, som kjem frå familiar med låg inntekt.

Kva gjevast det stønad til:

Kontingentar, aktiviteter og utstyr til enkeltpersonar slik at barn og unge i familiar med låg inntekt kan delta på organiserte fritidsaktivitetar.

Kor mykje:

Inntil kroner 3.000,- i tilskot per person per år som ein eingongsstønad. I særskilte tilfelle kan det gjevast ytterlegare stønad til t.d. deltaking i lag, turneringar, cupar og leirar. 

Kven kan søkje (på vegne av barnet):

Det er bare laget/organisasjonen (idrettslaget, korpset, koret, lokallaget etc.) som kan sende søknaden til kommunen etter vurdering av behov for søknad. Ressurspersonar som arbeider i kommunen, til dømes helsesjukepleiar, miljøterapeut, barnevernstenesta m.m. kan også søkje. Barnet eller familien kan ikkje sjølv søkje.

Krav til søkjar:

Den som søkjer har ansvar for å fylgje opp at barnet/ungdomen deltar i aktiviteten det er søkt stønad til. Det betyr at den som søkjer skal hjelpe barnet til å hugse på/kome seg til aktiviteten i starten, ikkje at den vaksne må fylgje barnet på alle aktivitetane. Oppfylginga kan og vere å sjekke at kontingenten er betalt eller liknande. 

Det er den som søkjer som må vurdere om familien er i ein slik situasjon at eit bidrag frå kontingentkassa vil vere avgjerande for om barnet kan delta på ein aktivitet eller ikkje. (Kontingentkassa er ikkje meint å vere eit handslag til lag og organisasjonar som har trøbbel med å inndrive kontingent). Det er barnet sitt eller familien sin situasjon som er avgjerande. 

Krav til søknaden:

Ver nøye med å fylle ut heile søknadsskjemaet, og hugs å leggje ved eventuelle fakturaer, kvitteringer eller liknande, dersom det er mogleg.

Kontaktpersonar:

Ved Tveit skule - Nissedal ungdomsskule:
Miljøterapeut Runa Vee Tveit, telefon 994 42 639
Miljøarbeidar Guri J. Holdte, telefon 958 12 608

Ved Kyrkjebygda oppvekstsenter:
Kari-Anne Nordbø, telefon 924 27 742

Spørsmål om ordninga:

Ta kontakt med Kristin O. Parkinson Vågen på telefon 35 04 84 53 eller 409 20 832.