For å få søknad om støtte frå spelemiddelordninga godkjend, må anlegget du søker om støtte til ligge i handlingsdelen av kommunedelplan for idrett og friluftsliv.

Denne planen vert rullert kvart år, og er grunnlaget for søknad om støtte.

Om du skal søkje om spelemidlar, må du sende planar om dette til kultursjef, slik at det kan politisk handsamast i kommunestyret i desember.

Frist for å melde inn anlegget er 30. november.

For meir informasjon om krav til søknaden og korleis du går fram:

https://www.anleggsregisteret.no/