Søknadsfrist for kultur- og prosjektmidlar er 1. juni.
Kommunen har ein pott på kr 120.000 i kulturmidlar/prosjektmidlar i støtte til drift av lag og organisasjonar i kommunen. Midlane ligg på budsjettet til eining for oppvekst- og kultur. Det må søkjast på eige skjema (eller på e-post til postmottak@nissedal.kommune.no).
Det er eit vilkår at utdrag av rekneskap og årsmelding fylgjer med søknaden, ellers blir den ikkje behandla.
Lag og organisasjonar må vere opne for ålmenta for å kunne få tilskot.
Arbeid med tiltak for barn og ungdom blir prioritert.
Kring 1/4 av midlane blir sett av til prosjektmidlar som lag og organisasjonar kan søkje på. Ein ev. rest av prosjektmidlane blir fordelt som drift/oppstartstilskot.
Det kan søkjast på driftstilskot og prosjektmidlar.