Om modellkommuneprosjektet
Gjennom tidleg innsats og betre samhandling skal fleire familiar få rett hjelp til rett tid.
Denne modellen rettar seg mot barn som har foreldre som er i utfordrande livssituasjonar, er psykisk sjuke eller misbruker rusmiddel, og barn som blir utsette for vald og overgrep. Gjennom denne modellen ønsker vi å kome fram til ei tverretatleg forståing på kva forhold som bør vekke bekymring hos barn, og korleis vi skal følge dette opp. Målet er at barna skal få tidleg hjelp og systematisk, langsiktig oppfølging.
Det blei i januar 2016 sett ned ei arbeidsgruppe som skulla utarbeide ein modell for å identifsere og følge opp barn i målgruppa. I arbeidsgruppa har det vore representantar frå helsestasjon, psykisk helseteneste, skule og barnehage. Mange einingar har vore med i prosessen med å utvikle denne modellen. Vi har hatt møte med barnehage, skule, eining for kultur, helsetenesta, flyktningetenesta, NAV og Barneverstenesta. Dei har fått informasjon om utviklinga av modellen, og kjennskap til dei brukarerfaringane vi har samla. Alle har kome med innspel til korleis dei kan bidra til at vi identifiserer og følger opp barna som lever under forhold forbunde med risiko. For å lykkas med å følge opp desse barna på ein god måte, opplever vi at det nå er semje om at vi i større grad enn tidlegare må samarbeide på tvers av einingar.
Vi håper at arbeidet med modellen skal føre med seg endringar i korleis vi arbeider med barna i målgruppa. Når livet er vanskeleg for oss, betyr det mykje korleis vi blir møtt. Vi som arbeider med barn og unge i Nissedal, skal vere tilgjengelege, sjå barna, snakke med barna, bidra til at dei får utfalde seg sosialt og bidra til meistringsopplevingar.
I arbeidet med modellen har vi kome fram til at vi i større grad skal gje barna i barnehage og skule kunnskap om psykisk helse, rus og vald. Dei skal også få informasjon om kva dei kan gjere dersom dei lever under forhold som er belastande. Å delta i kultur og fritidsaktivitetar er ein vernande faktor. Vi vil arbeide for at barn og ungdom i Nissedal får delta og utvikle seg innanfor ulike former for kultur og fritidsaktivitetar. Dette er gode arenaer for å bygge vennskap og oppleve mestring. Vi ønsker å halde fram med eit felles tverretatleg arbeid til beste for barna i Nissedal, og vil sette ned ei gruppe som har ansvar for dette.
I arbeidet med modellen har vi intervjua fleire personar, som har vakse opp med foreldre som er psykisk sjuke, misbruker rusmiddel, har blitt utsette for vald og overgrep. Personane er nå vaksne, men fortel om korleis dette prega barndomen deira. Kva som blei gjort, og kva dei skulle ønske at hadde blitt gjort. Vi er svært takksame for den kunnskapen desse intervjua har gitt oss, og håper at desse erfaringane skal vere med å forme korleis vi møter barn som lever under vanskelege forhold i kommunen vår i dag.
Oppfølging av modellen på systemnivå
Alle tilsette som arbeider med barn, foreldre eller familiar i Nissedal kommune, skal kjenne til modellen.
Planen er lagt inn i kommuneplanen til Nissedal kommune.
Modellen skal gjennomgåas ein gong i året, og politisk godkjennas kvart fjerde år. Prosjektleiar tek ansvar for å kalle inn til møte i tverrfagleg gruppe på våren, april/ mai.
Alle einingane skal gå igjennom modellen ein gong i året, i april-juni.
Einingsleiarane har ansvar for at alle nytilsette som arbeider med barn og familiar, får informasjon om modellen.
På foreldremøte om hausten skal barnehage og skule gje informasjon om korleis vi arbeider med barn og unge i Nissedal kommune.
Barnehage og skule vil i foreldre- og elevsamtaler stille spørsmål ang heimesituasjonen.
Alle barn skal lære om vald, overgrep, psykisk helse og rusmisbruk. SMISO (senter mot incest og seksuelle overgrep) skal gje undervisning til barn som er 5 år og barn i 6 og 9.klasse. Dei skal også ha opplæring med tilsette i barnehage, skule, kultur og helse som kompetanseheving.
Tilsette i helsetenestene, som kjem i kontakt med personar med rus- og psykiske helseplager, skal kartlegge om vedkommande har barn, korleis problema til foreldra verkar inn på barnas kvardag, og om barnet treng oppfølging.
Alle tilsette som jobbar med barn og familiar, skal ha kunnskap om samarbeidande instansar, og informere om det, dersom dei meiner det er føremålsteneleg i forhold til å vurdere bekymring eller følgje opp nokon i familien.
Vi ynskjer meir kompetanse på foreldrestøttande tiltak i kommunen.
Å delta i kultur og fritidsaktivitetar er vernande faktorar. Vi vil arbeide for at barn og ungdom i Nissedal får delta og utvikle seg innanfor ulike former for kultur og fritidsaktivitetar. Dette er gode arenaer for å bygge vennskap og oppleve mestring.
Vi ynskjer å halde fram med eit felles tverretatleg arbeid til beste for barna i Nissedal, og vil sette ned ei gruppe som har ansvar for å vidareføre dette arbeidet.