Med krise eller krisesituasjon meinast dramatiske og potensielt traumatiserande hendingar som kan svekke eiga fungering i kvardagen. 

Kriseteamet skal ikkje erstatte dei ordinære tenestene, men kan mobiliserast for gå inn i saker der omfanget eller hendingar er av ein slik karakter at det er bruk for psykososial hjelp i samanheng med ulykker, kriser og katastrofer.

Kva kan kriseteamet bidra med?

Kriseteamet skal sikre og organisere støtte til menneske som har opplevd ulykker og kriser. Teamet gjev psykisk fyrstehjelp, vurderer ditt hjelpebehov, og formidlar kontakt med andre instansar/helsetenester.

Korleis få hjelp fra kriseteamet?

Psykososialt kriseteam kan kallast ut av kommuneleiinga, legevakta, brannvern eller politiet.

Kontakt legevakt ved behov for hjelp fra kriseteamet: ring 116 117