Nissedal studiesenter(NSS) blei formelt opna 12 sept. ved ordførar i Nissedal Halvor Homme og representantar frå Vestfold og Telemark fylkeskommune. Mange nissedølar hadde møtt fram til opninga av lokala i næringshagen i Fjonevegen 72. Nissedal studiesenter har allereie tatt imot sine første elevar.

Den nye senteret er i all hovudsak finansiert av statlege midlar via HK Dir (Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse), i tillegg noko frå Fylkeskommunen og kr 50 000 i midlar frå Nissedal kommune. Nissedal studiesenter er det første studiesenter i Vestfold og Telemark fylke, og banar såleis vegen for framtida! 

Hølje Haugsjå er prosjektleiar i ei mindre deltidsstilling. Marius Vøllestad er rektor og pedagogisk leiar. Ei styringsgruppe nedsett av kommunedirektøren skal leie senteret framover.

Nissedal studiesenter tilbyr:

  • Gode og moderne utstyrte studierom med tilgang døgnet rundt for elevar og studentar.
  • Veiledning, lærestøtte og noko undervisning for elevar på videregåande(VGS) nivå.
  • Rådgiving og hjelp med opptaksprosedyrer for ulike studiar, både VGS og høgskule.
  • Eksamenshjelp og gjennomføring av eksamen.
  • I framtida eigne desentraliserte studieplassar innan høgskulefag, i samarbeid med universitet/høgskule.

NSS vil både ha fleksibel oppfølging og vil også ha nokre faste kveldar med lærer/rådgivar tilstade. NSS har samarbeid med kompetansepilot i Vestfold og Telemark og ved dette samarbeidet vil NSS tilby alle former for desentralisert opplæring.

Vidaregåande elevar og fagbrev på jobb

NSS tar imot elevar som manglar fag på videregående opplæring og/eller som vil ta fagbrev i eit fag denne allereie har eit praksis- eller arbeidsforhold til. NSS veileder elevar til å ta privatisteksamen. NSS vil både tilby elevar å ta eksamen på staden og/eller samarbeide med vgs skular om gjennomføring.

Studiesenteret tilbyr og legg til rette for høgskulestudier

NSS tilbyr tilrettelegging for studiar i fag hos dei høgskulane der vi har etablert samarbeid med. Her kan den enkelte sjølv gå inn og sjekke kva for studiar desse samarbeidspartnerar tilbyr. I neste omgang kan interessentar ta kontakt med NSS (sjå kontaktinfo under) og bli tatt opp som student.  Dei vil då kunne bruke både fasilitetane til senteret og nytte veiledere/lærarar og få eksamenshjelp.

Desse samarbeidspartnere er følgande (med internettadresse i parentes)

  • Høgskulen i Kristiania (kristiania.no)
  • Noroff(noroff.no)
  • Fagskolen i Vestfold og Telemark (fagskolen-vestfoldogtelemark.no)

NSS arbeider fram mot å tilby eigne studieplassar, i samarbeid med universitetet, frå haust 2024 til profesjonsstudiet innan sjukepleie, vernepleie og/eller barnehagelærar. Dette gjelder desentraliserte studiar som kan samkøyrast med jobb og der ein i liten grad skal trenge å reise til campus. Vi vil gjerne høyre frå folk som er interessert i eit slik tilbod i framtida.

Kontaktinformasjon

Dersom du ønskjer å bli elev eller student: Kontakt Marius Vøllestad, tel: 95871707 e-post: marius.vollestad@nissedal.kommune.no

Dersom du treng meir info og har spørsmål: Kontakt Hølje Haugsjå, tel: 910171814 e-post: hhaugsjaa@gmail.com

 

PS! Det kjem snart eigen nettside for Nissedal studiesenter. Den vil vere oppe å gå i midten av oktober.