Modølsfjellet ligg på Fjone

Om lag 3 km etter Nisser camping, rett etter ei lita bru, står det eit turløypeskilt på venstre side. 
På høgre side av vegen er det plass til å parkere bilen. Følg stien på venstre side av vegen. 
Stien er merka med blå måling på trea. Det går bratt oppover på fin skogssti til å byrje med. 
Til venstre for stien renn Håtveitåna. Ta gjerne nokre avstikkarar bort for å sjå på denne. 
Det er mange fine plassar oppover på berga her. På toppen flater det ut. 
Følg platået bortover til Modølsfjellet, der kassa heng. 
Her er det utsikt mot Motjønn og Møane på Fjone. Om du følgjer stien vil du kome ned litt nord for der du parkerte. 
Følg vegen tilbake til bilen. Heile turen går du på ca ein time. Dette er ein kort, triveleg tur som går i fint skogsterreng. 
Dette er ein fin tur for mindre barn. Her kan ein klatre på store steinar og bade i åna om det renn passeleg med vatn.

Lengde: Ca. 1 time
Merking: God