Nissedal kommune har to lærlingplassar å tilby, og me er godkjent som læreplass innan helse- og oppvekstfag.
Opptak og antal lærlingar kan variere noko frå år til år, i takt med endt læretid for lærlingane som allereie er inne i eit læretidsløp.
Me er medlem av OKOS, Opplæringskontoret for offentleg sektor i Telemark.
Informasjon om kven som kan bli lærling, og kva det vil sei å vere lærling finn du på OKOS si heimeside. Søknad om læreplass må gå gjennom OKOS, og ein skal registrere søknaden gjennom VIGO. På VIGO er søknadsfristen 01.03.
Kva skjer etter at du har søkt lærlingplass hjå oss via OKOS?
Dersom me har ledig lærlingplass blir aktuelle søkjarar kalla inn til intervju.
Til stades på intervjuet er det eit tilsettingsutval (einingsleiar/avdelingsleiar, tillitsvald og ev. OKOS-kontakten).
Tilbod om lærlingplass, arbeidsavtale og løn
Viss du får læreplass i Nissedal kommune, vil det bli oppretta ei skriftleg arbeidsavtale og lærekontrakt.
Arbeidsavtala med kommunen regulerer rolla som arbeidstakar, arbeidstid og løn. Som lærling får du årsløn som fagarbeider utan ansiennitet fordela på to år. I Nissedal vil du få utbetala 50% andel av årsløna til ein fagarbeidar med fagbrev i heile læreperioden.
Arbeidsavtala følgjer lærekontrakta.
Lærekontrakta med fylkeskommunen regulerer rolla som lærling.
Rettleiar
Du vil få ein rettleiar (instruktør) som saman med fagleg leiar har hovudansvaret for deg og din faglege utvikling. Rettleiaren vil også hjelpe deg slik at du blir kjent med arbeidsmiljøet og kollegaer, og er også ein rollemodell for deg som lærling. Men husk - det er viktig at du sjølv også prøvar å vere aktiv både fagleg og sosialt.
Fagleg leiar
Fagleg leiar har hovudansvaret for opplæringa og skal sikre at me som lærestad oppfyller læreplanen sine krav. Fagleg leiar er også ein støttespelar for deg og rettleiaren.
Nærmaste leiar
Som alle andre tilsette vil du også få ein leiar, nærmaste leiar, som forvaltar arbeidsgivaransvaret for deg. Det beyr at vedkomande skal følgje deg opp etter kommunen sine reglement og prosedyrer.
Velkomen som lærling i Nissedal kommune!