Sykkeltur på gamle Treungenbanen

Denne turen følgjer den historiske jernbanestrekninga mellom Åmli og Treungen. Jernbanen gjekk frå Arendal til Treungen, og blei først kalla Arendal - Aamlibanen, deretter Tveitsundbanen og i 1926 Treungenbanen. Banen blei ferdig fram til Treungen i 1913, og blei nedlagt i 1967.

Det blei frakta malm, tømmer og passasjerar på strekninga, og nesten alt av kolonial- og manufakturvarer kom med toget. Av lokalprodukt blei livdyr, slakt, skinn, honning og bær sendt med jernbanen.

Langs sykkelruta vil du sjå mange flotte kulturminne frå jernbanedrifta og frå tømmerfløytinga langs Nidelva. Sjå etter steinmurar, vasstårn, vakre bruer og staselege stasjonsbygningar.

Bygningane er i privat eige, så vis omsyn. Naturen er vakker med elvar, vatn, fjell, svaberg og skog. Sykkelvegen har lite stigning, og går stort sett på eigen trasé utan biltrafikk. Det er fleire flotte badeplassar på turen, og ønskjer du å kombinere sykling og vandring, finn du forslag markert med
vandresymbol på kartet.

Du finn kafé, butikkar og overnattingsplassar både i Åmli og Treungen. Sykkelturen eignar seg godt for syklistar i alle aldrar.

Lengde: 35 km

Her kan du laste ned miniguiden for Treungenbanen Åmli - Treungen

Foto: Olav Jakob Tveit