Lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehagelova) ligg til grunn for barnehagemynda sin utøving av myndigheit. Kommunen er lokal barnehagemynde og skal sjå til at barnehagane drives i samsvar med regelverket. Barnehagemynde har tre verkemidlar til disposisjon; rettleiing, tilsyn og godkjenning. Barnehagelova gjelder for alle barnehageeigarar, både kommunale og private.
 
Barnehagemynda har som oppgåve å fatte vedtak om godkjenning av barnehagar, behandle søknader om dispensasjonar, finansiere private barnehagar samt andre myndigheitsoppgåver som følgjer av barnehagelova med forskrifter. 

Barnehagemynda kan gje pålegg om å retting av ulovlege eller uforsvarlege tilhøve ved godkjente eller godkjenningspliktige verksemder. Avgjerda om å gje pålegg om retting av uforsvarlege forhold skal fungere som ein sikkerheit og fange opp tilhøve som ikkje er direkte regulert i barnehagelova, men som kan føre til uforsvarleg tilhøve for barna sin trivsel, leik, læring og utvikling i barnehagane.
 
Å syte for at regelverk blir etterfulgt  inneberer både ein aktivitet for å vurdere risiko for brot på barnehagelova med forskrifter, og ein plikt til å bruke verkemidla slik at barnehageeigars praksis er i samsvar med regelverket. For å sikre rettstryggleiken til alle barnehageeigarar i Nissedal kommune og sikre legitimiteten av arbeidet, er kommunens eigarrolle i barnehagesektoren åtskilt frå myndigheitsrolla. Barnehagemynde kan vere private barnehagars kontakt inn mot kommunens administrasjon.
 
Maria Heiland
 
Barnehagemynde
Telefon  957 44 733
 
Les meir om kommunens rolle som barnehagemyndighet: