For at det skal være best mulig samarbeid mellom heim og barnehage bør ein forsøke å løyse alle tilbakemeldingar i næraste ledd. Det vil sei at tilbakemeldinga i fyrste omgang kan bli gitt  til pedagogisk leiar på avdelinga. Dersom ein ikkje opplever at saken blir løyst saken kan foreldre / føresette ta kontakt med styrar i barnehagen. Det er barnehagen sin styrar som er ansvarlig for tilbodet, og som skal samarbeide med alle foreldre og føresette.
 
Dersom det gjelder generelle forhold i barnehagen, kan du også ta det opp med samarbeidsutvalet i barnehagen. Alle barnehagar skal ha eit samarbeidsutval som består av representantar frå foreldre og personale i barnehagen, og eventuelt barnehageeigar.
 
Kommunen har tilsynsansvar for både private og kommunale barnehagar. Statsforvaltaren er siste klageinstans.
 
Dersom du ønskjer å gå vidare med din klage eller uro kan du ta kontakt med barnehagemynde i Nissedal kommune.