Utdanningskravet skal sikre at personalet har kompetanse for å drive barnehagen. Etter barnehageloven § 24 andre ledd må styrar i barnehagen ha utdanning som barnehagelærar eller annen høgskuleutdanning som gjer barnefagleg og pedagogisk kompetanse.
 
Pedagogiske leiare må ha utdanning som barnehagelærer, jf. § 25 første ledd.
 
Det stilles krav om norskferdigheter for personer med utanlandske yrkeskvalifikasjonar som styrar eller pedagogisk leiar, jf. § 28.
 
Hovudregelen om utdanningskravet er gitt for å sikre at personalet har nødvendig kompetanse for å drive barnehagen til beste for barn og foreldre.
 
Det kan likevel bli gitt dispensasjon frå utdanningskravet og / eller kravet om norskferdigheiter dersom barnehagen ikkje klarer å skaffe rett utdanna personale.
 
Eit av vilkåra for dispensasjon er at det ikkje har meldt seg kvalifisert søkjer etter at stillinga har vert offentlig utlyst. Ein kvalifisert søkjer er en søkjer som oppfyller utdanningskravet og kravet om norskferdigheiter for stillinga som styrar eller pedagogisk leiar.
 
Ein føresetnad av dispensasjon frå utdanningskravet og kravet om norskferdigheter er at barnehagen ikkje klarer å skaffe rett utdanna personale. Reglene om dispensasjon inneber at barnehagen ikkje kan tilsette ein ikkje-kvalifisert søkjar til stilling som styrar eller pedagogisk leiar dersom det ligg til grunn ein eller fleire søkjarar  til stillinga som oppfyller utdanningskravet etter lova. Forskrifta opnar for at ein søkjar sine personlege eigenskaper kan bli vektlagt  i denne samanhengen.