Det skal være minimum éin pedagogisk leder per 14 barn når barna er over tre år og minimum éin pedagogisk leder per 7 barn når barna er under tre år. Barn skal bli rekna som over tre år frå august det året det fyller 3 år.

Norma gjeld på barnehagenivå og berekninga skal difor ta utgangspunkt i det totale tal på barn i barnehagen, og ikkje på den enkelte avdeling eller gruppe. Det er tal på barn som er grunnlaget og ikkje tal på heiltidsplasser. Det vil sei at to barn som kvar har 50 prosent plass tel som to barn i pedagognorma sjølv om dei ikkje er til stade i barnehagen samtidig.

Mellombels dispensasjon frå pedagognorma kan bli gitt for inntil eitt år av gongen, når særlige omsyn taler for det. Særlige omsyn skal i det konkrete tilfellet det blir søkt dispensasjon for, vere til barna sitt beste i den barnehagen det blir søkt for. Kommunen må foreta ei konkret vurdering kvart einskilde tilfelle

Utgangspunktet for kommunens vurdering vil vere i om i det einskilde tilfelle vil vere forsvarleg å auke barnetallet pr. pedagogisk leiar. Kvar enkelt søknad skal bli behandla særskilt der forhold i den aktuelle barnehagen skal bli vurdert. Ein konkret vurdering av barnegruppa sin samansetting og behov, barnehagen sitt fysiske miljø, barnehagen sin totalbemanning, og personalet sin totale kompetanse skal bli gjort  for den aktuelle barnehagen. Dette inneberer at behandling av søknader frå tilsynelatande like barnehagar kan få ulikt resultat ut frå totalvurderinga av forholda  i den enkelte barnehage.

Vurderingane til kommunen må bli gjort synlege i eit eventuelt vedtak om mellombels dispensasjon.

Terskelen for å gje mellombels dispensasjon skal være høg, og det skal berre bli gitt unntaksvis.

Forskrift om pedagogisk bemanning opnar for at kommunen også kan avslå ein dispensasjonssøknad til tross for at vilkår etter forskriftens §§ 1 og 2 er oppfylt.

For å sikre at saken blir belyst frå ulike  sider, og brukaren sin rett til medverknad er ivaretatt, skal uttale frå barnehagen sitt samarbeidsutval vere vedlagt eigar sin søknad om dispensasjon. Uttala skal bli vektlagt, men kommunen er ikkje bunden av den. Eit vedtak om dispensasjon kan ikkje bli gitt med tilbakeverkande kraft.

Det er høve til å løyve dispensasjon frå pedagognorma norma er heimla i lov om barnehagar § 26 tredje ledd. For å gje dispensasjon må det liggje til grunn særlige omsyn, og barnehagane sitt samarbeidsutval skal uttale seg.

Dispensasjon frå pedagognorm (UDIR)