Kort om barnehagen
Me er ein barnehage med ei avdeling, men vi delar ofte gruppa i to for å imøtekomme behov og utvikling.
Oppvekstsenteret har fått ei flott "ansiktsløfting", så nå har både skule og barnehage gode og høvlege areal både ute og inne. Me er så fornøgde.
Me har gode arenaer for samarbeid barnehage-skule. Allereie frå august startar vi samarbeid med tanke på førskulebarna som skal på skulen neste år. Dette for å gjere overgangen frå barnehage så mjuk som mogleg. Og for å bevare og utvikle venskapsband.
Me nyttar felles uteareal med skulen, slik som skaterampa, aktivitetsparken, ballbingen og fotballbanen.
Nissedal kommune har eit felles hovudmål for barnehagane "Leik for alle".
Råd og utval
Alle foreldra i barnehagen utgjer foreldrerådet. Alle foreldra kan medverke til blant anna årsplanar og anna innhald i barnehagen.
Det veljast to representantar til samarbeidutvalet for Kyrkjebygda oppvekstsenter.
Foreldrerepresentantar for Kyrkjebygda barnehage |
---|
Erik Johan Anders Granqvist |
Therese Mortensen |