Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Driftsbygning i landbruket

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Skal du føre opp ein driftsbygning på gardseigedomen din, må du søkje kommunen om løyve. Arealet kan vere inntil 1000 m2 bruksareal (BRA). Du må òg søkje om løyve dersom du skal gjere omfattande endringar eller reparasjonar eller du ønskjer å rive bygningen.

    Skal du byggje over 1000 m² driftsbygning, er han ikkje ein alminneleg driftsbygning etter lova, og du må sende inn full søknad etter pbl. § 20-1.

    Kriterium/vilkår

    • Nabovarsling må vere gjort
    • Tiltaket må oppfylle alle krava til tiltaket i plan- og bygningslova, slik som avstand til nabo, visuell utforming og tekniske krav
    • Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen

    Pris for tenesta

    Du betaler eit gebyr for saksbehandlinga.

    Gebyr for behandling av plan- og byggesaker og utsleppssøknadar for Nissedal og Kviteseid kommune

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    Hvor stort kan du bygge
    Direktoratet for byggkvalitet
    aaa
  • Lover og forskrifter
    Sjå
    Plan- og bygningsloven § 20-2 og kapittel 29
    Byggesaksforskriften § 3-2

    Lover

    Forvaltningsloven
    Plan- og bygningsloven

    Forskrifter

    Byggesaksforskriften (SAK 10)

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Du sender ein skriftleg søknad til kommunen. Det må gå fram om du søkjer om dispensasjon frå eitt eller fleire av vilkåra (sjå over).

    Skjema

    Vedlegg

    • Situasjonskart
    • Fagmessig utførte plan-, snitt- og fasadeteikningar
    • Utgreiing/kvittering for nabovarsling og eventuelle nabomerknader

    Kommunen kan krevje meir dokumentasjon dersom det er nødvendig. 
     

    Søknaden sendes til

    Interkommunalt plankontor, Treungvegen 398, 3855 Treungen.

  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Dersom søknaden er fullstendig og tiltaket ikkje er i strid med reglar og planar (sjå feltet Kriterium/vilkår), skal kommunen gje løyve innan ein bestemd frist (sjå under). Søkjaren og dei som eventuelt har kome med merknader, får eit skriftleg vedtak. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du kan bli misnøgd med vedtaket.

    Saksbehandlingstid

    Ein søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbegynte veke tidsfristen overskridast.

    Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar/gjenbuarar og det ikkje er nødvendig med fråsegner frå anna myndigheit, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, reknast løyve for gjeve, forutsett at det du søkjer om, ikkje er i strid med reglane. Har det derimot kome protestar frå naboar/gjenbuarar, og kommunen ikkje har gjort vedtak innan trevekersfristen, kan du ikkje rekne løyve for gjeve.

    Klagemulighet

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Interkommunalt plankontor
    Telefon:35048400
    Epost:postmottak@nissedal.kommune.no
    Postadresse:Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen

    Kontaktpersoner

    Navn:Torill Lohne
    Tittel:Oppmålingsingeniør og byggesaksbehandlar
    Telefon:35 04 84 40
    Epost:torill.lohne@nissedal.kommune.no
    Navn:Birger Heimdal
    Tittel:Byggesaksbehandlar
    Telefon:35 04 84 21
    Epost:birger.heimdal@nissedal.kommune.no
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2017-12-08 13:55
    Gyldig fra
    2012-12-27
    Gyldig til
    2018-12-31