Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Sjølvbyggjar

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Vanlegvis er det eit firma som står ansvarleg for byggjesaker av ein viss storleik eller kompleksitet. Men du kan søkje kommunen om å vere sjølvbyggjar. Det vil seie at det er du som står ansvarleg for søknad, prosjektering og utføring, sjølv om du bruker fagfolk til delar av arbeidet.
    Det mest vanlege er at du blir godkjend som ansvarleg utførande for heile eller delar av arbeidet, mens du har hjelp av eit firma til å søkje og prosjektere tiltaket.

    Kriterium/vilkår

    Byggjetiltaket kan vere:
    • heilårsbustad
    • fritidsbustad
    • garasje, uthus, påbygg, tilbygg
    Bygget skal vere til eige bruk. Du kan altså ikkje vere sjølvbyggjar på ein tomannsbustad eller eit rekkjehus.
     
    Du må kunne vise til at du har den rette kompetansen og kvalifikasjonane.  Har du generell bygningsteknisk utdanning og praksis, så bør du kunne godkjennast. Andre forhold som kommunen kan vektlegge, er om du tidlegare har arbeidt ved oppføring av byggverk eller delteke på relevante kurs.
     

    Pris for tenesta

    Gebyr for behandling av plan- og byggesaker og utsleppssøknadar for Nissedal og Kviteseid kommune

    aaa
  • Lover og forskrifter
    Sjå
    Byggesaksforskriften § 6-8 Selvbygger

    Lover

    Forvaltningsloven
    Plan- og bygningsloven

    Forskrifter

    Byggesaksforskriften (SAK 10)

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Ta kontakt med kommunen for meir informasjon om det å vere sjølvbyggjar. Då får du òg meir informasjon om kva kompetanse som blir kravd for å få godkjent ansvarsrett som søkjar, prosjekterande og utførande. Om du berre ønskjer å bli godkjend som ansvarleg utførande (som er det mest vanlege), må du også ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen som er knytt til sjølve byggjetiltaket.

    Søknaden om ansvarsrett skal følgje søknaden om løyve. 

    Søknad om løyve kan òg delast opp. Når prosjekteringa er ferdig, blir det søkt om eit rammeløyve som avklarar rammene for tiltaket. Deretter, når ansvarleg føretak for utføringa og eventuell kontroll er bestemt, blir det søkt om igangsetjingsløyve. Når igangsetjingsløyvet er gjeve, kan du setje i gang arbeidet. Det er naturleg at søknad om ansvarsrett i dette tilfellet følgjer søknaden om igangsetjingsløyve (etter at rammeløyvet ligg føre).

    Vedlegg

    Dokumentasjon på erfaring og kompetanse

  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

    Saksbehandlingstid

    Ein fullstendig søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbyrja veke tidsfristen blir overskriden.

    Har det ikkje komme nokre merknader frå naboar/tverrbuarar og uttalar frå annan myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen går ut, blir løyvet rekna for gjeve under føresetnad av at det du søkjer om, ikkje er i strid med gjeldande reglar og planar.

    Klagemulighet

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Interkommunalt plankontor
    Telefon:35048400
    Epost:postmottak@nissedal.kommune.no
    Postadresse:Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen

    Kontaktpersoner

    Navn:Birger Heimdal
    Tittel:Byggesaksbehandlar
    Telefon:35 04 84 21
    Epost:birger.heimdal@nissedal.kommune.no
    Navn:Torill Lohne
    Tittel:Oppmålingsingeniør og byggesaksbehandlar
    Telefon:35 04 84 40
    Epost:torill.lohne@nissedal.kommune.no
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2017-12-08 13:55
    Gyldig fra
    2012-12-27
    Gyldig til
    2018-12-31