Om skulen
Kyrkjebygda oppvekstsenter er ei oppveksteining med skule (1. til 7. klasse), sfo og barnehage i same bygning, og vi har felles leikeområde.
Skulen ligg i Kyrkjebygda sentrum. Frå skuleområdet er det fantastisk utsikt utover vatnet og Fjonesida.
Skulen har eit flott skuleområde med fotballbane, Petterpulsløype, sandvolleyballbane, skatepark, aktivitetspark og ballbinge. På vinterstid blir det køyrt opp ei skiløype på 500 meter i skulegarden.
Skulen nyttar seg også av nærområda som mellom anna Framnesbukta, Torgrimsfjell, Hildabu og Vikodden.
Undervisningspersonale
Rektor | Even Holskar |
---|---|
Lærar | Kari-Anne Nordbø |
Lærar | Bent Arve Brattås |
Lærar | Anne-Nora Oma Dahle |
Lærar | Tone Straand |
Lærar | Jannicke Lomheim |
SFO-assistent | Torgunn Hovland Tveit |
SFO-assistent | Samira Almasari Ghaleb |
Skuleveka
Skuleveka for 1.-7. klasse, måndag, tysdag, torsdag og fredag
Kl. 08.20-09.50 | 1. og 2. time |
---|---|
Kl. 09.50-10.00 | Pause |
Kl. 10.00-10.45 | 3. time |
Kl. 10.45-11.30 | Mat og storefri |
Kl. 11.30-13.00 | 4. og 5. time |
Kl. 13.00-13.05 | Pause |
Kl. 13.05-13.50 | Leksehjelp |
Kl. 13.50 | Skule ferdig, drosje heim, sfo byrjar |
Skuleveka for 1.-7. klasse, onsdag
Kl. 08.20-09-50 | 1. og 2. time |
---|---|
Kl. 09.50-10.00 | Pause |
Kl. 10.00-10.45 | 3. time |
Kl. 10.45-11.30 | Mat og storefri |
Kl. 11.30-12.15 | 4. time |
Kl. 12.15-13.00 | 5. time for 5.-7. klasse, leksehjelp for 1.-4. klasse |
Elevråd
Leiar | Vetle Winther Pettersbakken |
---|---|
Nestleiar | Håkon Aarak Underdal |
Skrivar | Annlaug Berit Haugsrud\ |
Medlem | Victoria Lohne Thronsen |
Foreldreutval - FAU
Alle foreldre som har barn i skulen, er medlem av skulens foreldreråd. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU) som er foreldrestemma for skulen.
FAU skal blant anna sikre reell medverknad frå foreldre og ha medansvar for at elevanes læringsmiljø er trygt og godt.
FAU-leiar | Ann Iren Dale |
---|---|
Nestleiar | Tor Arild Homleid |
Medlem | Klara Bayer-Clausen |
Medlem | Ian Parry-Jones |
FAU har ikkje konstituert seg ennå, men valte medlemar er:
Samarbeidsutval - SU
Samarbeidsutvalet er skulen øvste rådgjevande organ der alle partar av skulen er representert.
SU har rett til å uttale seg om/ i alle saker som gjeld skulen.
Foreldrerepresentant for skule - leiar | Ann Iren Dale |
---|---|
Foreldrerepresentant for skule | Tor Arild Homleid |
Foreldrerepresentant for barnehage | Julia Thorgrimsen Volline |
Foreldrerepresentant for barnehage | Elin Tjønn |
Representant for tilsette i barnehagen - nestleiar SU | Marianne B. Odden |
Representant for tilsette i barnhagen | Kari Eikåsen |
Elevrepresentant | Vilde Evja |
Elevrepresentant | Annlaug Berit Haugsrud |
Representant for tilsette i skule | Jannicke Lomheim |
Representant for andre tilsette | Ann-Karin Fossli |
Representant for tilsette i kommunen (referent) | Even Holskar |
Politisk representant | Stein Skåli |
Skulemiljøutval - SMU
Skulemiljøutvalet har i oppgåve å sikre at skulen har eit systematisk arbeid for å få eit godt skulemiljø. SMU skal vere eit rådgjevande organ for skulen i saker knytta til dette.
Det er skuleeigars og rektors ansvar at alle rådsorgana blir oppretta og fungerer i samsvar med reglane i opplæringslova.
Som SU, pluss representant for elevane: Ingrid Amalie Øigarden