Visma Flyt skole
App
Nissedalsskulen nyttar Visma Flyt skole. Dette gir rask og effektiv kommunikasjon mellom heim og skule via ein app. Her skal du mellom anna melde frå om fråvær til eleven, gje samtykke til ulike aktivitetar i skulen sin regi og kommunisere enkelt med eleven sine lærarar.
Her kan føresette laste ned appen
Webløysing
Du kan også nytte Visma Flyt skole gjennom webløysing (utan app).
Pålogging via https://skole.visma.com/nissedal/
Plan for det gode oppvekstmiljøet
Lov om barnehagar og Opplæringslova forpiktar oss til å ha ein plan for korleis vi arbeidar med barnehage- og skulemiljø. Vi må synleggjere korleis vi arbeidar førebyggande, samtidig som vi må synleggjere korleis vi agerer einskildsaker, og følger opp.
Dette syner vi gjennom denne digitale planen: "Det gode liv» - Plan for det gode oppvekstmiljø i Nissedal
Lokale planar og retningslinjer for skulane
- "Det gode liv» - Plan for det gode oppvekstmiljø i Nissedal
- Gjennomføring og organisering av tentamen /pdf)
- Håndtering av bekymringsfult fråvær i Nissedalsskulen (pdf)
- IKT-reglement (pdf)
- Ipad - oppsett (pdf)
- Kommunal forskrift om skulebytereglar (pdf)
- Ordensreglement - forskrift vedteke 07.05.20 (pdf)
- Overordna oppvekstplan for Vest-Telemark - vedteke 07.09.23 (pdf)
- Plan for alle overgangar i opplæringsløpet (pdf)
- Retningsliner for privat heimeundervisning og tilsyn (pdf)
- Retningsliner for foreldredrivne skuleturar (pdf)
- Skuleskyssreglement (pdf)
- Tilstandsrapport (pdf)
Ekstern informasjon for skulane
- Avtale for grunnskular og barnehagar som gjeld gjesteelevar
- Fråvær på vitnemålet (stryking av fråvær)
- FUG - foreldreutvalget for grunnopplæringen
- Informasjon frå Statsforvaltaren - Ein trygg skuledag utan mobbing
- Informasjon frå UDIR
- Opplærinslova
- Legemidlar i skule, sfo og barnehage
- Ny nynorskrettskriving frå 2012
- Trafikktryggleik
- Viktig informasjon om fotografering og publisering av bilete for foreldre og andre gjestar på skulen sine samankomster
- Vurdering i fag
- Vest-Telemark PPT
Utdanningsdirektoratet: Informasjon om korleis ein kan rettleie nyutdanna
Kommuneplanen sine mål
Grunnskulen gir alle elevane eit godt og trygt lærings- og oppvekstmiljø, der ein i undervisninga tek omsyn til den einskilde elev sine føresetnader og har høge forventningar til alle elevane sine læringsresultat. Skulen skal i første rekkje vere ein opplæringsinstitusjon der undervisninga byggjer på Opplæringslova med forskrifter og læreplanverket for Kunnskapsløftet.
- Alle elevar har eit godt og inkluderande læringsmiljø. Med læringsmiljø meiner ein dei samla kulturelle, relasjonelle og fysiske forholda på skulen som har betydning for elevane si læring, helse og trivsel.
- Opplæringa skal ha tilpassa opplæring i felleskapet og tidleg innsats som to av dei viktigaste verkemidla for å syte for at alle elevane utviklar sitt fulle potensial.
- Skulen skal drive systematisk og målretta trening i dei fem grunnleggande dugleikane; lesing, skriving, rekning, munnleg tale og bruk av digitale verktøy.
- Skulen skal ha høge forventningar til kvar einskild elev sine resultat og prestasjonar.
- Kvaliteten på skulen, både når det gjeld undervisning, materiell og bygningar skal liggje over gjennomsnittet for landet.
- Opplæringslova pålegg kontinuerleg utviklingsarbeid i skulen. Målet med utviklingsarbeidet i Nissedalskulen skal vere å endre og utvikle læraren sin praksis i klasserommet slik at elevane oppnår eit så godt læringsutbytte som mogleg.
- Nissedalskulen skal samarbeide godt med Vest-Telemark PPT til det beste for elevane sitt læringsresultat, både på system- og individnivå.
- Elevane får kunnskap om lokal kultur, tradisjon og næringsliv slik at dei får lyst til å busetje seg i kommunen.
- Nissedalskulen skal samarbeide godt med barnehage, kultur, helsetenester, barnevern, politi og andre institusjonar.
- Skulefritidstilbodet skal vere kjenneteikna av å understøtte skulen sitt arbeid med elevane si faglege, personlege og sosiale utvikling.
- Nissedal kommunale vaksenopplæring skal syte for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for fleirspråklege etter introduksjonsloven.
- Vaksne utan fullført grunnskuleutdanning skal få opplæring slik at dei kan ta grunnskuleeksamen