Skule

Som de kjenner til vil vegen mellom Nissedal og Nes vere heilt stengd i perioden 30.01-12.03 på grunn av vegarbeid. Dette fører til nokre utfordringar for elevane som bur nord for stenginga.

Etter vurdering av fleire alternativ, er det no avgjort at dei sju elevane som blir råka av situasjonen, skal få eit undervisningstilbod ved Kyrkjebygda oppvekstsenter. Alle andre elevar følgjer undervisninga som vanleg.

Personalet ved oppvekstsenteret skal ivareta dei sju elevane i løp av skuledagen, sjølv om all undervisning vil bli gitt digitalt av pedagogar ved Nissedal ungdomsskule. Det vil til ein kvar tid vere ein lærar eller assistent/fagarbeidar saman med elevane. I enkelte fag vil undervisninga bli noko tilpassa.

Det blir servert gratis skulemat for ungdomsskulelevane som held til i Kyrkjebygda, slik at også det tilbodet blir oppretthalde så godt som mogleg.

Alle elevane følgjer ordinær timeplan og skuletider ved Nissedal ungdomsskule. Desse samsvarer ikkje med skuleskyssen i Kyrkjebygda. Det blir difor oppretta eigen skuleskyss for ungdomsskulelevane som skal til Kyrkjebygda i denne perioden, slik at dei kjem til skulen før kl. 8.45 når undervisninga startar.

På ettermiddagen reiser ikkje bussen før kl. 14.50, så det vil bli litt ventetid etter skulen før bussen kjem. I denne tida vil det bli lagt til rette for at elevane kan arbeide med lekser. Viss nokon ønskjer å hente barna sine før bussen kjem, er det mogleg.

Den digitale undervisninga skal gå føre seg gjennom Adobe Connect. Det er ei framoverretta og innovativ digital plattform som vil gje elevane god ballast til arbeid på vidaregåande skule.

Ta gjerne kontakt med meg på telefon 95871707 viss de har spørsmål.

Beste helsing
Marius Vøllestad
Rektor Tveit/ skule/Nissedal ungdomsskule

Kulturskule

Kulturskuleelevar som bur nord for vegstenginga vil få kulturskuleundervisning ved Kyrkjebygda oppvekstsenter dei vekene vegen er heilt stengt. 

I perioden vegen er delvis stengt har VY sett opp ein buss på onsdagar som gjeng kl. 16.35 frå Treungen  til Vrådal.
For tilpassing av tider slik at elevane rekk bussen i retur, får elevane litt mindre bandøvingstid.