Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Ordensreglement i grunnskolen

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Kommunen skal gi forskrift om ordensreglement for grunnskular, og fylkeskommunen skal gi forskrift om ordensreglement for vidaregåande skular. Reglementet skal gi reglar for orden og oppførsel og kva som skjer når nokon bryt reglane.
 
Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevar og foreldre.
 
Ein kan ikkje nytte sanksjonar som ikkje går fram av ordensreglementet. Ein må uansett ikkje nytte fysisk refsing eller anna krenkjande handsaming.
 
Bortvising ved brot på ordensreglementet
  • Elevar på 1.‒7. trinn kan visast bort for enkelttimar eller resten av dagen. Ved bortvising for resten av dagen skal ein varsle føresette.
  • Elevar på 8.‒10. trinn kan visast bort i opptil 3 dagar.
  • Elevar på vidaregåande trinn kan visast bort i opptil 5 dagar eller resten av skuleåret dersom regelbrotet er alvorleg.
 

Målgruppe

Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule og deira føresette.

Kriterium/vilkår

Før rektor sjølv gjer vedtak om bortvising, skal rektor rådføre seg med lærarane til eleven. Andre hjelpe- eller refsingstiltak skal vere vurderte før ein gjer vedtak om bortvising.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa

Lover og retningslinjer

Sjå spesielt opplæringslova § 2-9 Ordensreglement og liknande og § 2-10 Bortvising

Lover

Opplæringslova

Forskrifter

Ordensreglement (Udir.)

___

Klagemulighet

Du kan klage på dei mest alvorlege refsingstiltaka, det vil seie vedtak om bortvising for éin dag eller meir. Klagen må vere skriftleg og grunngjeven. Klagen sender du til rektor. Klagefristen er tre veker etter at du har fått melding om vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal rektor vurdere om det er grunn til å endre vedtaket.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Eining for skule
Telefon:35048400
Epost:postmottak@nissedal.kommune.no
Postadresse:Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen

Kontaktpersoner

Navn:Roger Steinbakk
Tittel:Einingsleiar
Telefon:35 04 84 07
Mobil:41 12 99 14
Epost:Roger.Steinbakk@nissedal.kommune.no

Andre opplysningar

Oppdatert:2017-12-08 12:17
Gyldig fra2012-12-24
Gyldig til2018-12-31