Leksehjelp i grunnskulen
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Kommunen pliktar å ha eit tilbod om gratis leksehjelp i grunnskulen. Kommunen kan fordele leksehjelpa fritt på 1.–10. årstrinn. Leksehjelpa skal gje elevane hjelp med skulearbeidet, og reknast ikkje som ein del av opplæringa, men skal sjåast i samanheng med den. Det er frivillig om ein vil delta. Kommunen pliktar å informere foreldra om retten til leksehjelp og tilbodet som blir gjeve. Kommunen skal sørgje for at elevane i leksehjelpa har eit forsvarleg tilsyn og at det psykososiale miljøet er godt.
Føremålet med leksehjelpa er å gje elevane støtte i læringsarbeidet, kjensle av meistring, gode rammer for sjølvstendig arbeid og bidra til å jamne ut sosiale skilnader.
Kriterium/vilkår
- Det skal bli tilbydd minimum åtte timar leksehjelp per veke til elevar i grunnskulen
- Dei åtte timane fordelast fritt på årstrinna 1–10, slik kommunen avgjer
- Det er ikkje noko krav om at leksehjelparane skal ha pedagogisk kompetanse
- Krav om politiattest gjeld òg for tilsette i leksehjelpa
- Elevgruppa skal ikkje vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg
Pris for tenesta
Tenesta er gratis.
-
Lover og forskrifter
Kommunen pliktar å ha eit tilbod om gratis leksehjelp i grunnskulen.
SjåOpplæringslova § 10-9 Politiattest og § 13-7a Plikt for kommunen til å ha tilbod om leksehjelpForskrift til opplæringslova kap. 1A Leksehjelp for elevar i grunnskolenLover
Forvaltningsloven
Opplæringslova
Forskrifter
Forskrift til opplæringslova -
Skjema
Skjema
Leksehjelp påmelding -
Saksbehandling
Klagemulighet
Elevar og foreldre kan be om tiltak som gjeld det psykososiale miljøet. Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom vedtak ikkje er gjort innan rimeleg tid, kan du likevel klage som om det er gjort vedtak.
-
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
Avdeling: Eining for oppvekst og kultur Telefon: 35048400 Epost: postmottak@nissedal.kommune.no Postadresse: Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen Kontaktpersoner
Navn: Even Holskar Tittel: Rektor - Kyrkjebygda oppvekstsenter Telefon: 94871420 Mobil: 47301017 Epost: even.holskar@nissedal.kommune.no Navn: Marit Madsen Tittel: Konsulent - Tveit skule/ Nissedal ungdomsskule Telefon: 35048485 Epost: marit.madsen@nissedal.kommune.no -
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2022-01-28 16:03
- Gyldig fra
- 2012-12-24
- Gyldig til
- 2023-01-31