Foreldrebetaling pr. mnd for 1. -4. kasse | Beløp |
---|---|
0 - 12 timar | 0 |
12 - 20 timar | 480 |
Kjøp av enkeltdagar (t.d. dagar fram til skulestart og etter skuleslutt) | 215 |
Det kostar kr 192 for full sfo-plass pr. mnd for mat i sfo.
SFO tilbod i feriar:
Har dykk behov for SFO i haust, vinter eller sommarferie kan dykk nytte tilbodet ved Tveit småskule / Kyrkjebygda oppvekstsenter.
Meld elevane på i god tid. I feriar blir 2 av 5 dagar gitt gratis.
Søskenmoderasjon
Det er 30% søskenmoderasjon for fyrste søsken og 50% for andre søsken (born nr. 3).
Du treng ikkje å søkje om syskenmoderasjon. Vi har oversikt i vårt datasystem for å kunne fakturere med prisreduksjon for sysken. Ved kombinasjon av barn i både SFO og barnehage, vil moderasjon alltid byrje i barnehage.
Eksempel kombinasjon barnehage og SFO:
Full pris for barn 1 i barnehage.
30% moderasjon for barn nr. 2 i SFO eller barnehage.
Vidare 50% moderasjon for andre sysken.
Redusert foreldrebetaling
Redusert foreldrebetaling pr. mnd | Beløp |
---|---|
0 - 3 timar pr. veke | 175 |
4 - 6 timar pr. veke | 235 |
7 - 12 timar pr. veke | 310 |
13 - 20 timar pr. veke | 400 |
Kjøp av enkeltdagar (t.d. dagar fram til skulestart og etter skuleslutt) |
50 |
Frå 01.08.20 har regjeringa innført ei eiga ordning for foreldre med barn i 1. og 2. klasse. Denne ordninga vel kommune at skal gjelde for 1.-4. klasse. Desse skal maksimalt betale 6% av inntekta si til SFO. Nissedal kommune har allereie så gode moderasjonsordningar at dei er godt innanfor med desse. Dersom du likevel meiner at du betalar meir enn 6% av hushaldninga si samla inntekt til SFO, må du ta kontakt.
Regjeringa har samtidig innført gratis SFO for elevar i 5.-7. klasse med særskilte behov. Bestemmelsen viser til opplæringslovas § 13-7, og «særskilte behov» skal forstås som funskjonshemma.
Søknad om redusert foreldrebetaling sender du via Visma sitt elektronisk søknadsskjema.
Du må betale full pris for SFO-plassen fram til søknaden er godkjent. Dersom du søker seinare i året vil eit eventuelt vedtak gjelde frå den månaden kommunen har motteke søknaden.
Søkjer må dokumentere husstandens samla bruttoinntekt ved å sende inn siste års sjølvmelding. Dersom sjølvmeldinga ikkje viser den reelle årsløna kan de sende inn ut i frå aktuell situasjon:
For arbeidstakarar
- kopi av siste månads lønsslipp eller
- ved nytt arbeidsforhold: kopi av arbeidskontrakt der løn kjem fram
- ved permisjon utan løn, må ein dokumentere dette.
For sjølvstendig næringsdrivande:
- stadfesting frå regnskapsførar/revisor på forventa inntekt
- kopi av siste næringsoppgåve
For arbeidsledige
- kopi av siste utbetaling frå NAV
For heimeverande
- ingen krav til inntektsdokumentasjon ut over sjølvmelding
For studentar
- kopi av studentbevis eller stadfesting av studie
NB!
SFO-tilbod gjeld automatisk frå søknadstidspunkt til og med 4. klasse med mindre ein gjer endringar eller seier opp plassen.
Eventuelt vedtak for redusert foreldrebetaling gjeld for 1 år av gongen.
Dersom inntekt i familien blir endra i løpet av året, må kommunen få tilsendt oppdatert dokumentasjon på den nye inntekta.