Om kulturskulen
Nissedal kulturskule er eit populært tilbod for elevar i grunnskulen. Eleven skal få grunnleggjande opplæring og ferdigheit til eigen hobby, eller som plattform for vidaregåande skule i retning kultur-uttrykk.
Fleirbrukshuset er hovudsentrum for kulturskulen, men vi vil forsøkje å leggje til rette for undervisning ved Kyrkjebygda oppvekstsenter.
Kulturskulen følgjer hovudsakleg skuleruta.
Frist for oppseiing av tildela plass er vårhalvåret er 1. desember.
Tilbod
Desse tilboda er gebyrregulert:
- Gitar
- Bass
- Trommer
- Piano
- Song
- Låtskriving - lage melodiar og tekstar, og spele inn enkle demoar. Det er ein fordel om eleven beherskar eit akkordinstrument, eller har lyst til å lære.
- Teatergruppe for mellomtrinnet og ungdomsskulen
Desse tilboda er gratis:
- Kulturskuletimen - forskjellige kurs for barnetrinnselevane som blir holdt på Tveit skule og Kyrkjebygda oppvekstsenter
- Dansekurs eller fysisk aktivitet - om tilbodet kjem til hausten må elevane melde seg på.
Opptak - prioritet
- Tidlegare kulturskuleelevar
- Dei eldste elevane i grunnskulen
Elevar får berre tilbod om ein elevplass i fyrste omgang, men kan få to plassar dersom det er plass.
Av erfaring har vi sett at nokre instrument krev meir koordinasjon enn andre, og derfor har vi satt ned passandes aldersgrenser.
Vi tek inn elevar frå 1. klasse på alle instrument, dersom det er plass.
Oversikt over passande aldersgrense for kulturskuletilboda:
- Piano (song) - 1. klasse
- Gitar og bass - 3. klasse
- Trommer - 3. klasse
- Låtskriving - Mellomtrinn/ ungdomsskule