Her er informasjon om opningstider på ungdomsklubben i sommar


Vi ynskjer dei som skal opp i 5. klasse velkomne på klubben på onsdag, og dei som skal opp i 7. velkomen på fredagar og dei som skal opp i 8. klasse kan kome på laurdagar.
Vi tar sommarferie i juli og starten av august, men har vanleg ope ut juni, og startar opp veka før skulen startar.

  • 26. juni: kl. 13.30 – 17.30 for dei som skal opp i 5. klasse til og med 7. klasse elevar
  • 28. juni: kl. 17.00 – 22.00 for dei som skal opp i 7. klasse og ungdomsskule
  • 29. juni: kl. 19.00 – 23.00 for dei som skal opp i 8. klasse til og med vidaregåande elevar

Ungdomsklubben tar ferie i juli og i starten av august.

Vi startar opp i veke 33 med vanleg opningstid onsdag 14., fredag 16. og laurdag 17. august.
 

(Opningstider og aldergrense:

Desse opningstidene er dei vanlege, og gjeld frå 14. august.

  • ONSDAG kl. 14.30 - 18.00: 5.klasse til 10. klasse
  • FREDAG kl. 17.00 - 22.00: 7. klasse til 10. klasse og elevar VGS
  • LAURDAG kl. 19.00 - 23.00: 8. klasse til og med elevar frå VGS

Dei laurdagane det er nattkafe, opnar vi ungdomsklubben for mellomtrinnet.
Desse laurdagane kan elevar frå 5. – 7. klasse vere på klubben frå kl. 18.00 – 22.00.

Visste du at ungdomsklubben har Snap?
Søk KEMFU Nissedal og følg med på kva som skjer.)